Sogn og Fjordane Turlag (SFT), som er vårt fylke sin største friluftsorganisasjon med nærare 8000 medlemer, har 35 års jubileum same år. Fleire av dei 510 annonserte turane våre vil difor ha jubileumspreg og ekstra fokus på historie og feiring. Du finn dei alle i Turprogrammet som er på veg i posten til alle husstandane i desse dagar.

Utebursdag

– Vi startar med «utebursdag» 21. januar. Kom deg ut-dagen er blitt ein nasjonal turdag med arrangement vinter og tidleg haust. I år legg vi vinterdagen til DNT sin stiftingsdag, og feirar med leikar og aktivitet for liten og stor på nærare 30 vinterarrangement.

Hovudtyngda av dei til saman 510 turane og arrangementa blir gjennomførde lokalt, skriv Sogn og Fjordane Turlag i ei pressemelding.

Ulike kategoriar

Nytt av året er at alle aktivitet i Turprogrammet blir presentert i ulike kategoriar. Du kan kjapt finne turar som passar akkurat for deg og dine.

Jubileumsturane

– Tradisjonsturane våre, Josten på langs 9.-12. mai og Hytte til hytte i hjarte av Jotunheimen, vil båe ha jubileumspreg. Mangeårig og trufast turleiar på desse turane, Kjell Kleiven, vil leie an og gje oss store turopplevingar både på bre og til fots.

Ungdomen skal ha topptur til Steindalsnosi (2025 moh.) inne i Hurrungane 31. mars. I tillegg er det planlagt tre BaseCampar vinter, sommar og haust. Alle desse campane er fylte av lærerike og utfordrande opplevingar ute i det fri.

Kysten

Hav- og fjellsport dreg til havs til øya Kinn på overnattingstur i mai og bregruppa vil leike seg i blåisen tidleg i september.

Sjøsprøyt, turglede og historie blir det på jubileumsturen i regi Ytre Sogn Turlag 8.-9. september, der ferda går med båt yst i havet til Utvær, Gåsvær og Tungodden.

Borna jubilerer

Borna skal jubilere 17.-18. august i Utladalen i lag med Barnas Turlag i Årdal og er bedd på tur med hytteovernatting og leik og moro i tunet på vakre Avdalen gard.

Til Gloppen

Medan seniorane tek turen til Utviken på Sandane 30. september, der dei går over toppane Fløtravarden, Snøfjellet, Dunheia og Blånibba. Ein tur med flott utsyn til Nordfjorden og Gloppefjorden og som endar i Bjørndalen.

510 turar

Dette er berre nokre få av dei over 500 spanande aktivitetane turprogrammet inneheld. I tillegg finn du eit svært variert og spanande kurstilbod med alt frå opplæring i skiferdigheit, klatring, yoga, kajakk og ikkje minst turleiing.

– Vi gler oss til å vise fram alt det vakre og spanande som ligg i vår felles natur – i skogen, på fjellet, langs kysten eller i nærområdet ditt. God tur!, skriv Sogn og Fjordane Turlag i samband med presentasjonen av turprogrammet for 2018.

Det er eit omfattande turprogram Sogn og Fjordane turlag presenterer i jubileumsåret 2018.
Kong Simba: Sogn og Fjordane kan by på mange flotte naturopplevingar gjennom heile året. I jubileumsåret finn du heile 510 turar i turprogrammet. Foto: Jarl Moldestad