– Bakgrunnen for at vi no ber om at budsjettvedtaket i Helse Førde blir ettergått, har samanheng med at vi fryktar at budsjettvedtaket til sjuande og sist vil gå ut over pasientane i Sogn og Fjordane, i form av dårlegare tilbod og lengre ventelister. Dette er stikk i strid med sentrale føringar som går ut på at ventetidene skal ned, og tilboda skal bli endå betre.

Feil fokus

Ifølgje Drabløs er styret sitt budsjettvedtak sterkt prega av at ein skal skaffe seg økonomisk handlingsrom for å byggje «nye Førde sentralsjukehus».

– Alle som kjenner den økonomiske situasjonen i Helse Førde, veit at å skaffe seg økonomisk handlingsrom for utbygging betyr kutt i tenester. Vi kjem ikkje til å akseptere nye kutt i Helse Førde generelt, og ikkje ved lokalsjukehusa spesielt. Mange tenester, spesielt ved lokalsjukehusa, er allereie skore til beinet, og det er ikkje tvil om at nye kutt vil gå ut over pasientane i fylket, seier Drabløs som er skuffa over at dei tilsette sine representantar røysta for eit budsjett som dei i styremøtet gav så klart uttrykk for at dei ikkje trudde var mogeleg å gjennomføre.

– Helse Førde har ei hovudoppgåve, og det er å syte for eit best mogleg spesialisthelsetenestetilbod til befolkninga i Sogn og Fjordane.

Svekking

– Det er mange ting vi kunne gått inn på når det gjeld dette budsjettet, men eg skal avgrense meg til eitt par. For det første vil kutt i ei av to gynekologstillingar i helseføretaket, og nedlegging av gynekologisk poliklinikk ved Nordfjord sjukehus føre til at kvinner i heile helseføretaket vil få lengre ventetid. Kutt frå 15 til 12 senger ved Lærdal sjukehus, og mindre bemanning som følgje av endringa, svekke den medisinske avdelinga ved lokalsjukehuset.

– Styret har også sagt noko om «aktivitetsstyrt bemanning». Kva dei legg i dette omgrepet er vanskeleg å forstå. Er det snakk om at tilsette skal vere heime og bli tilkalla ved behov, eller er det slik at sjukepleiarar og legar skal alternere mellom ulike avdelingar. Mykje av det som er føreslått og vedteke er dårleg utgreidd og risikovurdert. Ut frå det må kunne forlange at styret, som samrøystes har vedteke budsjettet, legg fram gode risikoanalysar for kva konsekvensar budsjettet vil ha for pasientane i fylket. Slik eg har forstått det, så var risiko retta mest inn mot den framtidige utbygginga i Førde under styrebehandlinga av budsjettet. Etter vårt syn er det feil fokus. Fokuset må ligge på pasientbehandling, seier Lars-Svein Drabløs.