Dette skriv Ina Herstad i ei melding til Fjordabladet, der ho viser til ei lite triveleg oppleving då ho skulle krysse Skipenes bru tysdag kveld.

Veldig smalt

–I går kveld var eg på ridetur med hesten min, og for å komme tilbake til stallen må vi forsere Skipenes bru som har fortau på pluss minus 50 cm, altså veldig smalt.. Det er tidvis mykje ferjetrafikk over denne brua, spesielt lastebilar og semitrailerar. I forkant av brua stoppa eg og hesten på ein sideveg for å la ferjetrafikken sleppe forbi, blant anna tre store semitrailerar. Når eg då verken såg eller høyrte meir trafikk oppover bakkane begynte eg å gå over den smale brua. Og trur ikkje du der kom meir trailertrafikk? Hesten min har blitt engsteleg for desse stor køyretøya på nært hald på grunn av ganske mange episodar som denne. Når vi er midt på brua møter vi ikkje berre ein trailer, men to rett etter kvarandre. Og begge to hadde ganske god fart til å vere i ei 60-sone, og antyda ikkje til å bremse ned før dei var oppe på sida av meg og hesten. Det er litt seint dersom hesten min hadde hoppa ut i vegen, skriv Ina Herstad.

Viser ikkje omsyn

–I ei 60-sone, med skilt om ridande trafikk, så burde det faktisk kunne gå an å trykke litt meir på bremsa og holde fartsgrensa i tilfelle det skulle vere hest på fortauet, for å ikkje snakke om andre mjuke trafikkantar! Før eller seinare kjem det til å skje ei ulukke der. Det var mørkt ute, og eg og hesten hadde godt med refleksar og lys. Det er attpåtil gatelys på brua men vi blir diverre ganske små i trafikkbiletet til ein trailer.

Ny bru

–Det kjem ny bru med oppstart i 2019, men i mellomtida då? Hadde det vore 50-sone der, så hadde farten på trafikken minka og ein kunne i mindre grad unngått slike situasjonar som eg hadde i går. Eg er ikkje den første som har opplevd dette, og blir nok heller ikkje den siste.. Heldigvis gjekk det bra denne gongen, hesten min vart redd men stakk ikkje ut, han krympa berre saman og håpa på det beste. Men det er ikkje sikkert det går bra neste gong. Det er ufattelege små marginar inne i biletet her, og det håpar eg at alle instansar klarar å sjå, skriv Ina.