Hans Petter Gilleshammer (Ap) har teke initiativ til at medlemmene i OK-utvalet tek seg ein tur til Selje i løpet av våren, for å gjere seg kjend med skular og barnehagar i det som saman med Eid frå 2020 skal bli ein felles Stad kommune.

– Vi treng kunnskap om våre venner i vest. Vi må vere oppdaterte og sjå korleis dei har det, både bygningsmessig, elevtal og å bli kjent med korleis skulane fungerer, seier Ap-politikaren. Han viser også til at Helse- og omsorgsutvalet i Eid allereie i fjor haust var på vitjing i Seljetunet.

Gilleshammer tok saka opp i møte i OK-utvalet torsdag og det vart gjeve innspel til rådmannen om dette. Det vart bestemt at ein skal planlegge turen nærare på det neste møtet i OK-utvalet, som er i mars. Det mest aktuelle tidspunktet er å legge aprilmøtet til Selje.

Gilleshammer ser føre seg at dei fyller opp ein minibuss og set kursen mot naboane.

I tillegg til å synfare skular og barnehagar i Selje, ser han det også som naturleg å droppe innom Bryggja skule på vegen, for å sjå korleis der er ute og inne, sidan Bryggja via grensejustering også vert ein del av Stad kommune.