I dag er det 16 av 25 kommunar i Sogn og Fjordane som har eigedomsskatt på sju promille.

Desse 64 prosent av kommunane i fylket kan få reduserte inntektene frå eigedomsskatten med opp til 30 prosent, om regjeringa set ei maksgrense på fem promille.

I Nordfjord er det berre Gloppen og Bremanger som har sju promille.

Hornindal har ikkje eigedomskatt, Vågsøy, Selje har fire promille, Eid og Stryn har tre.

Den nye regjeringa med Høgre, Frp og Venstre har gått inn for å setje tak på eigedomsskatten på fem promille.

Dei vil også innføre ein obligatorisk regel med tak på verdisettinga i eigedomskatten på bustadar og fritidsbustader.

I Sogn har heile ti av elleve kommunar sju promille.

I Sogn og Fjordane har desse kommunane sju promille eigedomsskatt:

Gloppen, Bremanger, Jølster, Gaular, Fjaler, Luster, Årdal, Lærdal, Aurland, Sogndal, Leikanger, Balestrand, Vik, Høyanger, Hyllestad og Gulen.

Førde har seks promille. Dei andre kommunane i fylket har under fem promille.

Kjelde: SSB