Bakgrunnen er at Lefdal Invest AS i samband med 30-årsjubileet sitt har gjeve om lag 250.000 kroner til innkjøp av hjartestartarar i Eid, Stryn og Hornindal, og at Røde Kors har fått oppgåva med innkjøp, plassering og opplæring av personell.

Hjartestartarane er spreidde rundt om i grendalaga i dei tre kommunane, og kurset i Valhall gjaldt dei som er frå Eid. Det var Unni Kiviranta som stod for opplæringa, i samarbeid med hjelparane Sølve Kiviranta, som er korpsleiar i Eid Røde Kors hjelpekorps og Siri Honningsvåg.

Røde kors gir opplæring

For hjartestartarane i Nordfjord har Røde Kors skaffa kontaktpersonar og ansvarspersonar, som får opplæring i å bruke dei og som tek ansvar for vedlikehald og at dei er i orden. Det må mellom anna skiftast batteri og pads etter kvar gong dei har vore i bruk.

På kurset i Valhall var det frivillige til stades frå Haus, Torheim, Heggjabygda, Holmøyane, Stårheim, Lote, Harpefossen skisenter og Eid kommune. Også i Hennebygda skal dei få hjartestartar og tilbod om kurs.

God dekning

– Oppdraget vårt er å prioritere plassering av hjartestartarane utifrå befolkningspopulasjon, eksisterande hjartestartarar og utrykkingstid, forklarer Sølve Kiviranta.

Hjartestartarane er plasserte ut slik at ein skal få ei god dekning med kort veg til hjelp nesten uansett kvar ein er. For at dei skal vere enkle å få tak i, er dei plasserte utandørs på veggen, og i varmeskap for at batteria ikkje skal bli tappa på grunn av frost. I Holmøyane hadde dei hjartestartar frå før i grendahuset Vonlund, men har no fått varmeskap, slik at apparatet kan henge ute på veggen.

Å drive med hjarte- og lungeredning via hjartekompresjon og innblåsing, 30-2, er like viktig om før og skal startast opp umiddelbart når ein person ikkje pustar og ein har sørga for frie luftvegar. Dette skal ein gjere medan ein førebur og koplar på hjartestartaren. Bruk av hjartestartar er eit hjelpemiddel som analyserer kroppen og som gjev sjokkbehandling, dersom dette er føremålstenleg.

Det kan trengast fleire sjokk, med tre minutts mellomrom, for å få liv i ein person. I mellomtida skal du halde fram med å drive hjarte- og lungeredning, men ikkje når hjartestartaren driv med analysering og når sjokk blir gjeve. Då er det viktig å halde litt avstand, slik at ikkje signal blir fanga opp/eller overført til hjelpepersonell.

Frie luftvegar

Kort oppsummert er det første du skal gjere om du kjem først til ei ulukke, eller finn ein tilsynelatande livlaus person, å sjekke om vedkomande pustar og sørge for frie luftvegar. Trekk hovudet litt bakover, eller løft haka på ein person som ligg framoverlent i bil for å sikre frie luftvegar.

Ein måte å sjekke om ein person pustar på, er å legge telefonen ned mot munn/nase. Det vil raskt danne seg damp på skjermen om vedkomande pustar. Pustar den skadde, så legg vedkomande i stabilt sideleie dersom det er mogeleg.

Rådet er vidare å ringe 113, og dei vil gje deg rettleiing. Sett telefonen på høgtalar, så har du begge hendene til fri disposisjon.

Gjennom hjartet

Hjartestartaren er programmert til å instruere deg om korleis du skal bruke den. Padsa skal plasserast slik at straumen går gjennom hjartet.

Du skal først ta av, eventuelt klippe av kleda, padsa skal plasserast på bar hud, og det kan vere naudsynt å barbere bort hår for å få skikkeleg feste. Eingangshøvel og saks følgjer med som utstyr.

– Det er aldri farleg å legge på pads for å analysere. Hjartestartaren gjev ikkje sjokk dersom det ikkje er naudsynt, understrekar kursleiar Unni Kiviranta.

La padsa vere på

Det kan vere behov for å gje fleire sjokk før hjartet kjem i gang igjen, så sjølv om pasienten vaknar til liv, skal ein ikkje ta vekk padsa, men la dei vere på til helsepersonell overtek. Det vil alltid vere ein sjanse for at ein får ein ny hjartestans.

Nasjonalt register

Hjartestartarane vert registrerte i eit nasjonalt register, slik at personellet på 113 har oversikt over kvar den næraste hjartestartaren er om du ringer for å få hjelp. Du kan også sjølv gå inn på 113.no

Kurset som dei frivillige gjennomførte i Valhall varte i tre timar og var ein grundig gjennomgang av førstehjelp og bruk av hjartestartar ved hjartestans, først med ein time teori og så med to timar med praksis ved hjelp av øvingsdokker og apparat.

IKKJE FARLEG: – Det er aldri farleg å legge på pads for å analysere. Hjartestartaren gjev ikkje sjokk dersom det ikkje er naudsynt, understrekar kursleiar Unni Kiviranta. Foto: Anna Wuttudal
VIKTIG Å ØVE: Det er viktig å øve, slik at ein er trygg på hjarte-lungeredning. Det skal vere 30 trykk og to innblåsingar, som ein gjentek om og om igjen. Vidar Hjelle og Oddgeir Åsebø lyttar nøye til Unni Kiviranta sine instruksjonar. Foto: Anna Wuttudal
KLAR: Tore Nyhammer-Taklo driv med HLR, og Jon Martin Holmøy har samstundes gjort hjartestartaren klar til bruk. Medan den analyserer og sender sjokk, må ein halde litt avstand. Foto: Anna Wuttudal
LETT TILGJENGELEG: Det er viktig at hjartestartarane er lett tilgjengelege. Her plassert i varmeskap ved inngangen til Valhall på Nordfjordeid. I Nordfjord er du aldri langt frå ein hjartestartar. Foto: Anna Wuttudal