Dei har no bestemt at dersom kommunalsjef Harald Sivertsen stipulerer møtet til å vare mindre enn tre timar, så skal det ikkje bestillast mat til møtet. På forrige møte hadde utvalet berre ei sak på lista, og møtet varte under ein time. Likevel var det innkjøpt store brødblingsar frå Minibakeriet til politikarane. Dette blir det no altså slutt på for OK-utvalet sin del når møta er korte.