Mobilappen vil bidra til å gjere det lettare å planlegge ei reise med Fjord1, i tillegg til at den byr på ein del etterspurde forbetringar samanlikna med tidlegare app. Den nye appen tek utgangspunkt i behova til kundane, som er basert på undersøkingar av bruksmønster.

–Hovudmålet med den nye appen er å gjere det lett og raskt for alle våre kundar å finne tilpassa relevant informasjon. Vi har produsert appen på brukarane sine premiss og fokuserer difor på å gje tydeleg informasjon om avgongar, trafikkmeldingar, billettprisar og generell informasjon. I den nye appen kan ein enkelt lagre favorittsamband, og abonnere på trafikkmeldingar. Appen er eit svært godt hjelpemiddel for alle reisande, og kanskje spesielt pendlarar, fortel IT-leiar Børge Nordal.

For å gjere overgangen så lett som mogleg, vil dei som har den gamle applikasjonen på sin iOS iPhone kun ha behov for ei oppdatering. Avhengig av innstillingane på mobilen, gjer ein dette automatisk eller manuelt under «Oppdateringar» i App Store. Brukarar med Androidtelefon, må laste ned appen på nytt frå Google Play. Appen heiter «Fjord1».

Mobilapplikasjonen som kan lastast ned frå i dag, vil bli vidareutvikla i framtida i takt med kundane sine bruksmønster og behov.

–Vi ønskjer å inkludere brukarane i utviklingsprosessen, slik at vi saman kjem fram til dei beste løysingane for kundane. Difor håpar vi no at alle lastar ned den nye appen, og at vi får inn tilbakemeldingar i App Store, fortel Nordal. Den tidlegare mobilapplikasjonen til Fjord1 vart stengt i desember.