Det er liten tvil om at god kompetanse i kommuneadministrasjonen som kan gje hjelp og rettleiing er ein viktig faktor.

– Vi har ei lang liste som viser ein enorm aktivitet. Det er gull verd for Eid kommune og driv inn mykje meir pengar og aktivitet enn det ein sakshandsamar kostar, oppsummerte kommunalsjef Harald Sivertsen då prioritering av tippemiddelsøknader vart handsama i OK-utvalet sist torsdag. Han understreka at det er viktig med god sakshandsaming, kunnskap og kontinuitet.

Som tilrådinga

Prioritering av søknader om spelemidlar vart som rådmannen hadde tilrådd og som omtala i Fjordabladet for ei veke sidan. Lista hadde på førehand blitt lagt fram for Eid idrettsråd, som ikkje hadde merknader.

Somme har sakna trampolinepark blant tiltaka på lista, og det vart opplyst at den ikkje er med fordi ein ikkje har kome langt nok når det gjeld planlegging og finansiering.

I samband med 2018-budsjettet for Eid kommune vart det vedteke av kommunestyret at det skal fremjast ei sak om etablering av trampolinepark i Eid i 2018/2019 med delvis tippemiddel-finansiering.

Sakshandsamar Anna Karete Bjørlo peika på generell basis på at det er ganske mange krav som må vere oppfylte for at ein spelemiddelsøknad skal bli godkjend. Det er ikkje nok å berre ha ein draum om noko. Eit tiltak må vere prosjektert og ha plan for finansiering, og det må vere avklart eigarskap eller leigeforhold for plasseringa.

Når det gjeld trampolineparken, er det ikkje planlagt akkurat kvar den skal ligge.

Ein del av tiltaka på søknadslista er ferdigstilte eller godt i gang. Årets liste er ei vidareføring av fjorårets liste, men der nye søknader er lagt til.

Søknader om midlar til ordinære anlegg som er styrt av kommunedelplanen er i hovudsak anlegg som er knytt til konkurranse- og treningsverksemd for organisert idrettsleg aktivitet.

Nærmiljøanlegg

Det kan også søkjast om midlar til nærmiljøanlegg. Nærmiljøanlegg er utandørsanlegg som ikkje er spesielt tilrettelagt for organisert konkurranseidrett, men der målsettinga er opne og tilgjengelege aktivitetsanlegg for alle, berekna for eigenorganisert fysisk aktivitet.