–Dette er tre parti som får frem det verste i kvarandre. Det er i møte mellom desse partia at vi har fått sentralisering i politiet, kommunetvangsreforma og ei regionreform som ingen ønskjer. Det er meir av denne typen sentraliserande politikk som no kjem, til å bli resultatet. Vi skal heller ikkje gløyme at når Høgre, FrP og Venstre har forhandlet tidlegare, har vi fått resultat som plastposeavgift, flyseteavgift, sukkeravgift, og auka avgifter for norsk turistnæring, seier Trygve Slagsvold Vedum som i tillegg til at dette er tre parti som har bidrege til sentralisering så vil dette vere ei regjering som vil auke forskjellane mellom folk.

Meir polarisering

–Når Venstre går inn i dette samarbeidet fryktar eg at det kjem til å innebere ei endå meir polariserande regjering, ei regjering som fører til at kløftene i Norge aukar. Kløftene mellom dei som har mykje og dei som har lite. Mellom dei som har det trygt på arbeidsmarknaden og dei som ikkje har det. Kløftene mellom dei som bur i distrikta og dei som bur i dei store byane. Dette vil også vere den mest EU-vennlege regjeringa vi har hatt nokon gong. Nokre få vil tene på den nye regjeringa, men kostnadane og konsekvensane vil vanlege folk bære, seier Sp-leiaren.

Tenester nær folk

–Senterpartiet ønskjer å styrke nasjonalstaten, skape ein politikk som ser heile landet og syte for at det er tenester nær folk. Den nye regjeringsplattforma er ei oppskrift på det motsette. Vi får no ei forskjells- og sentraliseringsregjering. Eg fryktar konsekvensen av det, seier Vedum.