I Fjordabladet 15.04.1982 kan vi lese om det som i dag framstår som Kulturhuset Gamlebanken.

Det hasta med avklaring for kva som skal skulle skje med den gamle sparebankbygningen i Eidsgata på Nordfjordeid.

Takkonstruksjonane var heilt mølletne. Det låg haugar med restar etter møll som hadde ete seg innover i materiala. Nordfjord Sparebank som åtte bygget måtte ha fagfolk for å sjå på skadane, opplyste administrerande direktør Einar Hasund til Fjordabladet.

Distriktsantikvaren gjekk mot riving av huset, og reguleringsarkitektane for Nordfjordeid sentrum hadde vist til at banken sine byggeplanar kunne løysast utan at ein flytta bygningen nordover i Eidsgata, slik det hadde vore antyda frå banken si side.

August 2017:

Få andre stader enn Nordfjordeid kan invitere til eige hus dedikert til kunst og kultur midt i sentrum. Gamlebanken er ein kulturell fristad for kunstuttrykk i alle former, frå måleri, foto til song og musikk.

Kulturhuset Gamlebanken er ein stad for opplevingar midt i den sjarmerande og flotte Eidsgata. Her er det også kontor for Opera Nordfjord, Malakoff Rockefestival, turistinformasjon om sommaren og Bankkjellaren bar & gjestestove.

Bankkjellaren bar & gjestestove har inngang i kjellaren i Gamlebanken.
Kulturhuset Gamlebanken i dag.
Få andre stadar enn Nordfjordeid kan invitere til eige hus dedikert til kunst og kultur.