Det var laurdag 1. juni 1968, klokka 07.50 at den første ferja la ut frå ferjekaia på Lote. Dette var pinsehelga med fint vêr,  og mange hadde møtt fram for å få med seg storhendet. Allereie på den første ferja var det tretten bilar, og populariteten skulle halde seg ut over dagen, ja gjennom heile pinsehelga.

Langt meir enn forventa

Når dette sambandet blei sett i drift var det 20 år etter at Fylkestinget gjorde sitt vedtak om at nord-sør sambandet skulle gå i ytre Nordfjord med veg Sandane-Eid og ferje over Nordfjorden. Tre år etter gjorde Stortinget det same vetaket.

Difor var det ei etterlengta ferje og nytt samband folk var møtt opp for å feire denne vakre junidagen for 50 år sidan.

Laurdag 1. juni kunne ein notere heile 250 bilar og 970 passasjerar over fjorden, 1. pinsedag var det 469 bilar og 1971 passasjerar, medan 2. pinsedag heile 486 bilar og 1957 passasjerar.

Dette kan ein lese om i Fjordabladet 4. juni 1968.

I løpet av juni 1968 var det heile 5000 bilar og 19.000 passasjerar på det nye sambandet. Der dei køyrde 14 dobbelturar kvar dag.

Hyen neste

Allereie same år blei sambandet Hyen-Anda-Lote opna.

Der hadde ein først tenkt å nytte same ferja, MF Davik, også nokre turar til Hyen. Men på grunn av overraskande stor trafikk på Lote-Anda, blei MF Davik med plass til 16 bilar sett over til Hyen-ruta, og Lote-Anda fekk allereie det første året ny ferje, MF Lote med plass til 19 bilar.

MF Lote trafikerte fram til 1972. Då kom MF Sandøy på bana, med plass til 28 bilar.

Stadig auke i trafikken viste at dette var eit etterlengta og naudsynt samband for både Nordfjord og distrikta rundt.

Dei første ti åra av sambandet Lote-Anda si historie auka trafikken kraftig. Dette førte til stadig utbyting til større ferjer. Frå MF Davik med plass til 16 bilar i 1968, til MF Gloppen med plass til 81 bilar tolv år seinare, i 1980.

Og største auken i tal på bilar skjedde i 1980, med ei dobling frå 40 bilar (MF Fjalir) til 81 bilar på MF Gloppen.

Men etter det skjedde ny auke først 28 år etter, med MF Lote, 120 bilar i 2008. Og no i januar 2018 er det snart historie med diesel på tanken, då elkraft skal bringe ferjene over fjorden.

Kjelde: Wikipedia, Fjordfaehren.de, Fjordabladet årgang 1968.