Det var 20. oktober 2016 at Tilbords opna dørene samtidig som fleire nye butikkar, då Amfi Nordfjord på Nordfjordeid var nyutvida.

Store endringar

No er Tilbords-kjeda under store endringar. Investeringsselskapet Herkules Capital, som har eigd kjøkkenkjeda Tilbords, selde i november kjeda vidare til ein anna kjede i same bransje, Kitch’n. Den er eigd av Plantasjen-gründer Thore Torstensen og Europris-gründer Wiggo Erichsen.

Dei to kjedene vil verte drivne vidare kvar for seg, men ein del Tilbords-butikkar vel å legge ned, skriv Ehandel.com.

Eige val

– Vi har valt å slutte. Fjoråret var tøft økonomisk, og julehandelen blei heller ikkje som vi hadde tenkt. Vi registrerer at netthandel tar meir og meir handel, fortel Bjørlo-Berg, som har drive Tilbords på Amfi Nordfjord saman med mor si, Sollaug Bjørlo. No har dei avviklingssal i heile butikken.

– Det er sjølvsagt vemodig at vi no avsluttar. Det var ein draum å få det til, seier ho, som etter avvikling vil ta seg ein månad eller tre til å tenke over livet.

– Dukkar drøymejobben opp så tar eg sjølvsagt den, seier ho.

Takkar kundane

Dei vil takke kundane for kjekke tilbakemeldingar, gode samtalar og handel.

– Vi fekk stadig høyre at folk sakna eit skikkeleg glasmagasin etter at Kala slutta, og mange kundar synest det er trist at vi no stenger, fortel ho. Tilbords vil no stå igjen med ein butikk i Førde og ein på Moa, som nærast Nordfjord.

Trist

– Det er kjedeleg at dei no vel å avvikle butikken. Vi hadde håpt på å kunne fortsette samarbeidet med Therese og Sollaug. No ser vi på andre moglegheiter, for å få inn noko nytt og spennande i lokalet som vert ledig. Vi reknar med at damene bak Tilbords kjem sterkt tilbake ved seinare høve, seier Gro Gjerdevik, senterleiar ved Amfi Nordfjord.

– No ser vi på andre moglegheiter, for å få inn noko nytt og spennande på Amfi, seier senterleiar Gro Gjerdevik.