– Den gode utviklinga viser at satsinga på yrkesfag gjev resultat. Med fleire læreplassar får fleire elevar moglegheit til å fullføre utdanninga si og kome seg inn i arbeidslivet. Denne arbeidskrafta er heilt avgjerande for å sikre eit berekraftig velferdssamfunn i år som kjem, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Nye tal frå Utdanningsdirektoratet for 2017 viser at 621 yrkesfagelever fekk læreplass i Sogn og Fjordane. Det utgjer 75 prosent av dei som søkte. Det er rekord for fylket sidan målingane starta i 2011.

Fylkesvise forskjellar

Også på landsbasis er det sett ny rekord i 2017 etter at 72 prosent av søkarane fekk læreplass. Alle fylke har skaffa fleire læreplasser i 2017 enn i 2016, men det er forskjellar i delen søkarar som fylka har klart å skaffe læreplassar til. Rogaland og Oslo kjem best ut, med læreplassar til 78 prosent av søkarane.

– Mange fylke gjer ein god jobb med å skaffe læreplassar, men vi er ikkje i mål. Det blir stadig fleire søkarar, og då må vi fortsette satsinga for å få endå fleire læreplasser, seier Røe Isaksen.