Statens vegvesen kontrollerte 200 køyretøy på Rv 15 i Stryn i går. Under kontrollen vart det brukt kjennemerke-gjenkjenningskamera(ANPR), og det vart kontrollert bruk av bilbelte, dokument og generell kontroll med hovudfokus på lette køyretøy.

Det vart skrive ut to gebyr for manglande bruk av bilbelte, to fekk gebyr fordi dei ikkje hadde med vognkort og ein bilførar vart meld for manglande førarrett

I tillegg vart ein bilførar meld fordi lasta på tilhengaren dekte til alle baklys, det vart skrive ut to kontrollsetlar med bakgrunn i tekniske manglar og det vart gjeve eitt bruksforbod på grunn av manglande sikt.