Kristoffersen tok til i jobben 30. november, og er no på ein rundtur for å gjere seg kjend med dei ulike HV-distrikta. På Firda kaserne møtte han områdesjefane, fekk orientering og ein betre middag der Eid-ordførar Alfred Bjørlo også var til stades.

Firda kaserne i Mogrenda i Eid er no den einaste basen for heimevernet mellom Bergen og Åndalsnes, og Kristoffersen gav inntrykk av at han tykkjer at dette er ein flott lokalitet, med gode mogelegheiter for trening. Her er skytebane like ved, og i tillegg bruker dei skyteanlegget på Tua.

Interessert i Plassen

Kristoffersen, som opphavleg er nordfrå, vart overraska over at det var så flott vintervêr med snø og stjerneklar himmel her på Vestlandet, og han nytta høvet til å springe nokre rundar rundt Leivdalen for å få frisk luft og halde forma ved like før middagen. Han var også interessert i å ta Plassen og hærmuseet nærare i augesyn, og fortalde til Fjordabladet at far hans starta sin militære karriere der i 1952.

Skal passe på infrastruktur

Forsvaret har mellom anna som oppgåve å passe på kritisk infrastruktur som kraftforsyning og trafikknutepunkt, hamner og flyplassar. I arbeidet med beredskap er det stort fokus på samvirke og det å utnytte dei samla ressursane best mogeleg. HV er eit viktig bindeledd mellom det sivile samfunnet og ei rekkje beredskapsaktørar.

Ordførar Alfred Bjørlo peikar på at kommunane har fått tydlegare ansvar for beredskap, og han er godt nøgd med at HV-11 si framtid er sikra. Han trur heimevernet vil bli endå viktigare i framtida og meiner at det å halde på eit øvingsanlegg for Forsvaret i Sogn og Fjordane er viktig for både samfunnsberedskap og forsvarsevne.

– Vi lever i ei uroleg tid. I samband med store hendingar i fredstid, som ekstremvêr og store naturkatastrofar, er heimevernet ein samarbeidspartnar som vil vere god å ha, seier ordføraren.

Viktig i framtida

– Heimevernet har alltid vore viktig, og kjem ikkje til å bli mindre viktig i framtida. Oppgåva til Forsvaret er å forsvare landet, og det at Heimevernet er til stades i heile landet er saman med lokalkunnskapen til områdesjefane svært viktig for beredskapen, understrekar generalmajor Eirik Kristoffersen.

Nordfjordeid har ei nær 400 år lang historie som øvingsstad for Forsvaret. Sidan 1970-talet har Firda kaserne vore Heimevernet sitt øvingssenter her, først for HV-10, seinare for HV-11.

Kasernen vert brukt som trenings- og øvingsanlegg også for andre aktørar med trong for det, til dømes Politiet og Sivilforsvaret.

Fakta om heimevernet

• Heimevernet (HV) er ei forsvarsgrein i det norske Forsvaret som fungerer som ein hurtigmobiliseringsstyrke. Heimevernet består av soldatar som kan stille opp på kort varsel når Forsvaret treng det. Lokale styrker kan også bli bedne om å hjelpe sivile myndigheiter ved naturkatastrofar, leiteaksjonar og ulukker, medan spesielt godt trena innsatsstyrker kan bli beordra til å løyse ekstraordinære oppdrag.

• HV består av om lag 40.000 soldatar fordelt på tre styrker: innsats-, forsterknings- og oppfølgingsstyrker.

• Heimevernets soldatar er delt inn i 4 regionar, 11 distrikt og 241 område. I tillegg kjem 15 innsatsstyrker, som utgjer spydspissen av kampkraft i Heimevernet. Desse styrkane består av spesielt utvalt, utdanna og utrusta personell som kan mobiliserast raskt og bidra til nasjonal sikkerheit. Innsatssoldatane kjem ofte frå operative avdelingar i Forsvaret, og kan bli beordra på skarpe oppdrag i Norge.

Fakta om

Eirik Johan Kristoffersen

(fødd 3. april 1969, har vakse opp i Bjerkvik ved Narvik)

* Kristoffersen starta i 1988 si karriere i Forsvaret.

* I 1999 begynte han i Forsvarets spesialkommando/Hærens jegerkommando (FSK/HJK).

* Kristoffersen vart i september 2017 utnemnd til generalmajor i Hæren og beordra til stillinga som sjef for Heimevernet.

* Han har tenestegjort i Afghanistan i fleire periodar, første gong i 2002.

I 2003 og 2005 var han skvadronsjef og i 2008 og 2009 tenestegjorde han som operasjonsoffiser.

* Kristoffersen vart i 2011 tildelt Krigskorset med sverd «for personleg utvist tapperheit og særleg framifrå leiing under internasjonale operasjonar i Afghanistan i 2007 og 2008.»

* Den nye HV-sjefen er tildelt følgjande dekorasjonar: Krigskorset med sverd, Forsvarsmedaljen, Forsvarets innsatsmedalje med rosett, Forsvarets INTOPS-medalje med to stjerner, Forsvarets operasjonsmedalje for Afghanistan med romartal «IV», Hærens vernedyktigheitsmedalje med to stjerner, UNIFIL-medaljen, Forsvarets medalje for skyting, Forsvarets medalje for feltidrett, KNBLO-medaljen og Navy Presidential Unit Citation.

Kjelde: Wikipedia

VIKTIG FOR BEREDSKAP: Ordførar Alfred Bjørlo møtte den nye HV-sjefen, Erik Kristoffersen (i midten), Ordføraren er glad for den beredskapen som Heimevernet representerer med personell som er til stades i lokalmiljøet og som har lokalkunnskap som kan kome godt med også i samband med store hendingar i fredstid. T.h.: Distriktssjefen for HV-11, John Arvid Svindland. Foto: Anna Wuttudal