Årsaka til dette er at Sveinung Rotevatn av alle «ekspertar» blir nemnd som høgaktuell til ein statsrådspost, dersom Venstre går inn i regjeringa. Per i dag er det ingen sentrale politikarar frå Sogn og Fjordane i den blåblå regjeringa av Høgre og Framstegspartiet. Ein slik situasjon vil vere eit stort minus for eitkvart fylke, men kanskje spesielt for eit distriktsfylke som Sogn og Fjordane, som i tillegg berre har rundt to prosent av folketalet i Norge.

Det er nemleg i regjeringa at dag til dag-politikken blir gjennomført, og det er der det er størst sjanse for å nå fram med viktige saker. For Sogn og Fjordane sin del er derfor dagens situasjon direkte uheldig.

Det kan sjå ut til at det er rimeleg gode sjansar for at Sveinung Rotevatn kan bli spurd om å bli statsråd, dersom Venstre går inn i regjeringa. Dømt etter spekulasjonane i riksmedia, ser sjansen ut til å vere femti-femti.

Det som talar for Rotevatn er blant anna at han er frå distrikts-Norge, eit omsyn som blir rekna som viktig når ein regjeringskabal skal leggast. Og ikkje minst blir det lagt fram at Venstre skal ønskje å behalde Rotevatn «varm» i partiet no når han er ute av Stortinget, då han blir rekna som kanskje den mest aktuelle kandidaten som partileiar i framtida. Det talar også til Rotevatn sin fordel at han har brei og allsidig kunnskap, og kan ta mange ulike statsrådspostar.

Ein annan lokal Venstre-politikar blir også nemnd i denne samanhengen, nemleg Eid-ordførar Alfred Bjørlo. Då er det nok mest aktuelt med ein posisjon som statssekretær. Bjørlo sjølv vil ikkje uttale seg om kva han vil svare om spørsmålet skulle dukke opp.