Fagforbundet i Selje kommune meiner Selje kommune braut drøftingsplikta i hovudavtalen då kommunen inngjekk rammeavtale med Sogn og Fjordane Fylkeskommune om å inngå avtale med vikarbyrå for innleige av helsevikarar, utan at det på førehand vart halde drøftingsmøte med tillitsvalde.

Forhandlingar

I etterkant av at kommunen inngjekk avtalen med fylkeskommunen har vore ført forhandlingar mellom rådmann, kommunalsjef for Helse- og omsorg i Selje kommune og Fagforbundet i kommunen. Fagforbundet kravde at kommunen avsluttar avtalen med fylkeskommunen  og at prosessen med drøftingar vert starta på nytt.

Selje kommune på si side hevdar at det ikkje er eit brot på drøftingsplikta. «Drøftingsplikta inntrer i dei tilfella og på tidlegast muleg tidspunkt når det kan verte aktuelt å faktisk nytte innleige», heiter det i protokollen frå møtet.

Konklusjon

Konklusjonen frå møtet er at partane er usamde om at drøftingsplikta er broten, og vidare at Selje kommune ikkje vil seie opp rammeavtalen med fylkeskommunen.

Kontrollutvalet i fylkeskommunen

Fjordabladet melde tidlegare at rammeavtalen fylkeskommunen har inngått med fem vikarbyrå, og som 24 av 26 kommunar har slutta seg til, var oppe i fylkeskommunen sitt kontrollutval i desember 2017.

– Dersom kommunane har til hensikt å bruke vikarbyrå, så er rammeavtale fornuftig, men kontrollutvalet i fylkeskommunen meiner at ein burde luka ut tvilsame selskap før avtale blir signert. I alle fall fått ei juridisk vurdering på om ein kunne utelukke selskap som ikkje held seg innanfor lovverket. Vi reknar no med at kontrollutval i kommunar som har inngått avtale tek opp denne saka, sa Frank Willy Djuvik, leiar i kontrollutvalet i Fylkeskommunen,  til Fjordabladet.