Statens vegvesen gjennomførte torsdag ettermiddag og kveld kontroll på Kjøs kontrollplass der 28 køyretøy vart kontrollerte.

Ein sjåfør vart meld for brot på køyre- og kviletida for å køyre utan at fartskrivarkortet var sett i fartskrivaren. Tre sjåførar fekk skriftleg åtvaring for mindre brot på køyre- og kviletida

Ein sjåfør fekk bruksforbod  og gebyr for å ha dekk med for liten mønsterdjupn. Han fekk kjøre til verkstad i Stryn for å skifte dekk før han kunne halde fram med transportoppdraget.

To sjåførar måtte rydde i frontruta si før dei fekk køyre vidare.

Det vart også kontrollert åtte køyretøy på Kjøs, E39/Rv 15 same dag. Då fekk to førarar/køyretøy bruksforbod på grunn av sikthindringar i frontruta og eitt køyretøy fekk bruksforbod på grunn av luftlekkasje i bremsesystemet. Av omsyn til trafikktryggleiken måtte bruksforboda rettast før dei fekk køyre vidare.

Ein sjåfør fekk ei åtvaring for mindre brot på reglane om køyre- og kviletid.