Fredag ettermiddag var det ikkje mykje som sto igjen av det tidlegare forretningsbygget. Rivinga kjem etter pålegg frå Eid kommune. Det er Vågsøy Eiendom AS som står som heimelshavar, og som har ansvaret for å gjennomføre forsvarleg riving av bygget.

På Finn.no har UNU AS liggande ute eit leilegheitsprosjekt for sal, som etter planen skal byggast på tomta. Det har namnet «EnglundTunet», og inneheld 11 leilegheiter frå 51 til 75 kvadratmeter.

Når det gjeld leilegheitsprosjektet i det som tidlegare var kalla «Kala-bygget», vegg i vegg med Englundbygget, er bygginga av fem leilegheiter i full gang. På Finn.no kjem det fram at tre av dei fem leilegheitene som Skala Eigedom har ute for sal, allereie er selde.