Begge båtane vil bli døypte den andre helga i mars i Gibraltar. Gudmor for Nordic Prince er Kari Ervik.

Både MS «Nordic Prince» og MS «Argos Georgia» skal setjast inn i tannfiske i Sørishavet og vil ikkje komme til Norge i denne omgang, men kan og nyttast i nord på eit seinare tidspunkt.

Ei gullgruve

Ervik Havfiske håpar å få på plass ein ny tannfiskkonsesjon etter kvart, slik at dei kan fiske med tre fartøy mot to no. Konserndirektør Stig Ervik opplyser til Fjordabladet at fisket etter tannfisk er svært lønsamt, og vil vere eit betydeleg satsingsområde for rederiet også i framtida. Strenge miljøkrav gjer at fisket er berekraftig og framtidsretta. Ei ny hurtigsynkande line frå Fiskevegn på Flatraket har og langt på veg løyst problemet med at sjøfugl blei hekta på lina.

Stig Ervik seier stolt at på 14 år (sidan 2004), har ikkje Ervik Havfiske fått ein einaste merknad for måten dei driv tannfiske på. Med nyebåtane vil rederiet ha 4–5 båtar på tannfiske i Sørishavet.

Også satsing i nord

For fiske i tradisjonelle norske farvatn, har Ervik Havfiske tinga to nye båtar frå verftet Tersan Shipyard i Tyrkia.

Ervik framhevar den gode kvaliteten på båtane leverte frå det tyrkiske verftet. Dei utmerkar seg og med stor grad av punktlegheit.

Marin Teknikk i Herøy har designa dei nye fartøya, og har i alt designa 10 nybygg for Ervik Havfiske.

Båtane har ei lengd på 50 meter og ei breidde på 12,5 meter, og har innreiing for 18 personar. Dei vil bli utrusta med autoline linesystem og automatisk linedragesystem som er utvikla av rederiet Loran på Møre og selskapet Deiltek.

Båtane vil ha fabrikkanlegg og har god fryselagerkapasitet. Om lag halvparten av utstyret på dei nye fiskebåtane vil bli levert av lokale bedrifter som Fiskevegn og Westmek.

Levering i 2019

Dei nye fartøya skal leverast på slutten av 2019, og vil kvar koste 170 millionar kroner. Dei vil få namna MS «Vestkapp» og MS «Frøyanes Junior».

«Frøyanes Junior» er heileigd av Ervik Havfiske, medan Havfiske Vest eigd av Per Aarvik og søner, står som eigarar av 30 % av «Vestkapp». To eldre båtar vil gå ut når dei nye vert leverte.

Dei nye fartøya vil vere ein attraktiv arbeidsplass, og ha alle moderne fasilitetar som eigne lugarar til mannskapet. Dei vil ha eit mannskap på 16 mann som er på sjøen i seks veker og seks veker på land. Ervik fortel at det vanlege er å ta fire turar for året, og på det kan ein tene rundt 700.000 kroner.

Storparten av mannskapet er rekrutterte lokalt.

Lys framtid

Konserndirektør Stig Ervik ser ingen skjer i sjøen for familierederiet i framtida. 2017 var eit godt år på linje med føregåande år med gode fiskeprisar. Han kan og gle seg over at det no skjer eit generasjonsskifte i bedrifta ettersom barn i familien Ervik og barn til tilsette er på full fart inn i viktige posisjonar i bedrifta.

• Eit av verdas største autolinebåtrederi med fiske av tannfisk i Sørishavet og torsk i Barentshavet som hovudinntektskjelder.

• Gründerane Stig og Kjell Magne Ervik kjøpte sin første fiskebåt i 1987.

• Den nyaste MS «Frøyanes» frå 2011 er verdas største linebåt.

• Ervik Havfiske består av over 30 selskap. Har moderne og nyleg utvida administrasjonsbygg på Otneimnestet ved Leikanger på Stad.

• Gjev store ringverknader i lokalsamfunnet i form av arbeidsplassar og verdiskaping.

SOLID FISKEKROK: Fiskekroken er ei gåve frå Mustad i høve 30-årsjubileet nyleg. Foto: Per Ole Lefdalsnes
NORDIC PRINCE: Det vert høgtideleg dåp av Nordic Prince den andre helga i mars i Gibraltar. Båten skal saman med MS «Argos Georgia» inn i tannfiske i Sørishavet. Foto: Foto: Marin Teknikk/Ervik Havfiske
TO NYE FARTØY I Tradisjonelt FISKE: Dei to nye båtane MS Frøyanes junior og MS Vestkapp skal inn i tradisjonelt fiske i norske farvatn. Foto: Per Ole Lefdalsnes