Det er det nettbaserte bettingselskapet Coolbet som no har sett opp sine favorittar til å ta over som Venstre-leiar på partiet sitt landsmøte seinare i år.

Du kan altså tippe på kven du trur blir Venstre sin partileiar frå 1. juli 2018. Den største favoritten er Abid Q. Raja med ein odds på 2.00. Deretter følgjer dagens partileiar, Trine Skei Grande, med 2.50 i odds. På tredjeplass er Sveinung Rotevatn med 4.00. Verdt å legge merke til er at Eid-ordførar Alfred Bjørlo også er i Coolbet sitt favorittsjikt, med ein odds på 8.00.

– Artig sak

Eid-ordførar Alfred Bjørlo har denne kommentaren til saka:

– Det er jo hyggeleg å bli hugsa på og rekna med. Men eg kan jo røpe at eg ikkje vil anbefale nokon å setje heile formuen på meg sjølv, ler Bjørlo, som av Coolbet får same odds som nestleiar i Venstre, Terje Breivik.

Akkurat no er regjeringsforhandlingane mellom Høgre, Framstegspartiet og Venstre i full gang. På direkte spørsmål om kva svar han vil gje om han får førespurnad om å tre inn i ei rolle i regjeringsapparatet, svarar Bjørlo slik:

– Det har eg ingen kommentar til.

Trur på Rotevatn

Når det gjeld sambygding og partikollega Sveinung Rotevatn sine sjansar til ein plass i regjeringa, er Bjørlo meir snakkesalig.

– Eg har sagt heile vegen at han er ein av dei sterkaste kandidatane Venstre har, også når det gjeld ein ministerpost, seier Bjørlo, som kan støtte seg til at Rotevatn blir nemnd blant favorittane i alle samanhengar der desse spekulasjonane blir tatt opp. Alfred Bjørlo er sjølv blant dei som har uttala seg svært klart om at han ønskjer at Venstre no går inn i regjering.

– Det er eit godt teikn at det ser ut til å vere god stemning blant partia, og at det er lite lekkasjar. Eg håpar og trur at ein kjem i mål med forhandlingane, seier Bjørlo, som håpar at Sveinung Rotevatn blir statsråd.

– Både eg og Sogn og Fjordane Venstre har sagt direkte til partileiinga at det er viktig at vårt fylke blir representert, og i denne samanhengen er Sveinung ein i særklasse god kandidat med stor kunnskap på uvanleg mange felt.

Alfred Bjørlo må dra på smilebandet om å vere rekna som kandidat til leiarvervet i Venstre.