Han er mannen bak ein underskriftskampanje, der målet er at det skal bli arrangert folkerøysting om Vågsøy skal gå saman med Flora til Kinn kommune.

– Vi har fått inn 1.508 underskrifter, seier Egeberg til Fjordabladet onsdag.

Dette er dagen etter at det vart arrangert folkemøte i Parken kulturhus på Raudeberg, der over 300 personar møtte fram for å få informasjon om Kinn kommune.

Ikkje opptatt av resultat

Fredrik Egeberg understrekar at han ikkje har ein agenda når det gjeld kva kommune Vågsøy i framtida bør tilhøyre.

– Nei, det har eg absolutt ikkje, og det er noko som er viktig å poengtere. Det einaste eg er oppteken av er at ei så stor avgjerd må vere fundert i folkemeininga. Det er ho ikkje per i dag, seier Egeberg, og viser til innbyggarundersøkinga som vart gjennomført der 55 prosent var mot medan 31 prosent var for. Trass i dette vart det fleirtal for Kinn kommune i kommunestyret i Vågsøy.

– Ved å setje til side innbyggarundersøkinga gjorde kommunestyret ein stor feil. Ikkje minst fordi det før undersøkinga vart gjennomført vart halde fram at den var betre enn ei folkerøysting, seier Egeberg.

Trur ikkje det er umogleg

I og med at saka har vore oppe til politisk behandling i inneverande periode i kommunestyret i Vågsøy, kan dei velje om dei vil gjennomføre ei folkerøysting eller ikkje.

– Spørsmålet vil i alle fall bli tatt opp i neste kommunestyre, så dei må i alle fall ta stilling til om det skal gjennomførast folkerøysting eller ikkje. Kva som blir resultatet, vil eg ikkje spå noko om, seier Egeberg.

I fjor vedtok Stortinget å slå saman Vågsøy og Flora frå 1. januar 2020. Tysdag denne veka sa sentrale stortingspolitikarar til NRK at trass i ei eventuell folkerøysting som seier nei til samanslåing, vil Kinn kommune likevel bli ein realitet.

– Eg trur ikkje det vil vere 100 prosent umogleg å snu dette. Det er framleis lenge til samanslåinga skal gjerast, og eit vedtak gjeld berre til eit nytt er fatta, seier Egeberg.

Han understrekar at han ser mange fordelar med Kinn kommune, og at han ikkje er oppteken av resultatet i ei eventuell folkerøysting.

– Det einaste eg er ute etter er at framtida blir bestemt av folket, seier Fredrik Egeberg.