Det seier Ståle Moheim.

Den tidlegare minibakaren i Eid er no blitt pensjonist. Og nokre dagar vågar han seg ut på glattisen i sentrum. Men det er med livet som innsats. Rundt omkring i heile Eid sentrum er det knallhard stålis for tida, og vanskeleg å fote seg.

–Det er livsfarleg å ramle her. Eg går forsiktig rundt, men skulle eg fare over ende kan det få fatale følgjer, seier Moheim som er blitt hjarteoperert og går på blodfortynnande medisin. Difor kan det vere ekstra farleg å ramle på den knallharde stålisen.

–Eg bør nok ikkje ramle her no. Det kan bli kritisk i min situasjon, seier Moheim som likevel hadde våga seg ut tysdag i denne veka. Ein runde frå Lunden der han bur, gjennom Gjerdevegen, Bankgata og Eidsgata.

Tilfeldig strødd

–Strøinga i Eid sentrum er for tilfeldig. Nokre plassar er det strødd, men slett ikkje alle. Det må vere ei meir jamn strøing av grus over alt skal folk kan gå trygt når stålisen legg seg, seier Moheim som opplevde dårleg strøing i Bankgata denne dagen.

–Eg gjekk ned Bankgata i dag, men der var det mest ikkje strødd i det heile. På eit vis kom eg likevel heilskinna frå turen, seier Moheim som likar å gå tur som mosjon.

–Av og til må ein ut og lufte seg og i dag måtte eg berre ut for å få frisk luft, seier Moheim som no tel dagane til han skal reise til Tenerife om vel tre veker.

–Når det er så vanskeleg føre her heime, skal det bli godt å oppleve tørre vegar og varme for ei tid. No får eg berre håpe på at eg ikkje ramlar over ende før tre veker har gått, seier Moheim.

Huseigar har ansvar

Hans Petter Vereide i Eid kommune seier at dei har hatt hektiske dagar med strøing i vinter.

–Vi har utnytta vår kapasitet til fulle og strødd dei stadane vi har ansvar.Men i sentrum er det mange fortau og område som er huseigar sitt ansvar. Mange huseigarar kunne vere flinkare å få på grus når glattisen melder seg. Men problemet er vel også at fleire av huseigarane ikkje bur her på Eid, og er orientert om stoda, seier Hans Petter Vereide som sjølv har opplevd eit rotterace i høve til strøing denne vinteren så langt.

Ekstrem vinter

–Det har vore ein ekstrem vinter med veldig mykje glatte vegar. Vi har hatt tre maskiner gåande med strøing den siste tida. Det handlar både om strøing i sentrum, og innleigde folk som har jobben ute i dei ulike bygdene, seier Vereide som opplyser at dei får tilførsel av strøgrus annakvar dag. Grusen kjem til eit lager i Øyane frå Eide sandtak på Sandane.

–Ein del av arbeidet handlar også om å få grusen på plass slik at vi har nok grus til einkvar tid. Lageret vårt er ikkje større enn at vi må få påfyll fleire gongar i veka. Det er mange brøytesjåførar rundt om i bygdene som hentar grus til dei kommunale vegane hjå oss. Vi må bruke akkurat denne spesialgrusen frå Sandane som er eigna til strøing på vegar og i sentrum, seier Vereide.

Fortau kan vere delt ansvar

Driftssjef i Eid kommune, Tore Nyhammer-Taklo seier at også kommunen kan ha ansvar for strøing av fortau.

–I ein god del tilfelle kan grensa mellom privat og kommunal grunn gå midt på eit fortau. Då kan det vere eit delt ansvar å få fortauet strødd, seier Nyhammer-Taklo. Han opplyser at Eid kommune prøver å strø der dei kjem til med sine maskiner, og om ein ser at behovet er stort.

–Så langt i vinter har vi hatt mykje glattis, så behovet for strøing har vore over normalen. Men vi prøver å vere ute med både brøyting og strøing så langt som vi maktar. I Eidsgata og Eid sentrum er det nokre tomme husvêre og nokre husvêre der huseigar bur langt vekke. Vi tek ikkje automatisk ansvar for deira tilstøytande område/fortau, men om nokon er særleg misnøgde med for liten strøing prøver vi å hjelpe, seier Nyhammer-Taklo som oppmodar folk på glattisen om å ta kontakt om dei har vanskar med å ta seg fram i Eid sentrum og kommunen elles.

Kjersti Ness (t.h.) på Bruktbutikken likar seg ikkje på glattisen som ligg bastant på fortauet. Medarbeidar Kari Nordvik prøver å få bukt med elende ved hjelp av salt.
Butikkdrivar Ingunn Vaksdal seier det skulle vore betre strødd i Eid sentrum. –Ei billeg investering i høve til kva beinbrot og sjukehusinnlegging kostar, seier ho som meiner at også huseigarar bør ta meir ansvar.