Oppvisinga har kome i stand i samband med Noregspremieren på den nye storfilmen «The Greatest Showman» fredag 12. januar.

Filmen omhandlar showbiz-entreprenøren P.T. Barnum sitt liv og virke. Barnum var ein pioner for sirkus og såkalla freakshows, og skapte ein ny æra for underhaldingsbransjen i USA på midten av 1800- talet.

Naturleg

– Når vi fyrst har premiere på ein sirkusfilm, så er det sjølvsagt naturleg å utnytte at vi har ei sirkuslinje i bygda, seier kinosjef Janne Mari Hjelle.

Sirkuslinja vil underhalde og vise fram kunstane sine siste halvtimen før premieren. Aktiviteten vil gå føre seg i foajeen i Operahuset.

– Vi vil vise eit bredt spekter av sirkuskunstar, alt frå sjonglering til akrobatikk, forklarar lærar ved sirkuslinja, Martin Riedel.

– Mellom anna vil publikum bli teke i mot av sjonglerande faklar ved inngangen, og bli helsa på av sirkusdirektørar på styltrer, fortel han.

Premiere x 2

Det er fyrste gongen Eid kino og sirkuslinja samarbeider om eit slikt arrangement. Eid kino tok initiativet, og sirkuslinja var ikkje vanskelege å be.

– Dette var sjølvsagt noko vi ynskte å vere med på. Det er kjekt å få ein arena å vise seg fram for lokalbefolkninga på, seier Riedel.

– No er det jo premiere både på film og på samarbeid. Sirkuslinja er ein fantastisk ressurs å ha i bygda, så slike samarbeid kan vi godt gjere oftare, seier Hjelle, og får støtte av Riedel.

– Mange av elevane har gleda seg lenge til å sjå denne filmen, og at dei i tillegg får vere ein del av opplevinga til publikum er veldig kjekt, seier han.