Elferja Gloppefjord kom på plass ved Anda ferjekai laurdag. No er det testing og opplæring av mannskap som står på programmet.

Operativ leiar Christine Hammersvik seier at ferja kan kome inn i rutedrift i løpet av komande veke.

–Det blir komande veke eller veka etter det. No er det mykje mannskap ombord, og det er mykje nytt som skal lærast med ei slik ferje. Mykje er annleis enn det ein er van med, og så er det ei langt større ferje enn kva som har vore på sambandet tidlegare, seier Hammersvik.

Gloppefjord vil bli sett inn i kontinuerleg døgndrift, og blir den ferja som også skal gå i rute om natta. Den andre elferja, Eidsfjord, kjem til sambandet seinare. Den skal ikkje gå om natta, men vil då liggje ved kai.

Lading av ferjene vil skje automatisk når dei legg til kai.

Gloppefjord har plass til 120 bilar og 349 passasjerar.

Hovudkrafta til dei to nye ferjene er batteri, men dei har også dieselgeneratorar som reservekjelde.

Gloppefjord er 106 meter lang, 14 meter lenger enn Årdal som trafikerer i dag. Den har plass til 120 bilar og 349 passasjerar.