Annakvar fredag vert ein ny Utavskåpet-kunstnar presentert. Vi ynskjer med dette å synleggjere mangfaldet i kreativitet og skaparglede som finst i kulturbygda Eid. Det er mange som syslar på med kunstnarlege aktivitetar utan at omverda får sjå kva dei har å by på. Gjengen bak Det kreative rom utfordrar kreative sjeler til å komme ut av skåpet med kunsten sin ved å stille den ut i Det kreative rom på Amfi.

Frå Måløy til Eid

Utavskåpet-kunstnar nummer 3 er Sigrid Husevåg Edler. Ho er 52 år og opphavleg frå Måløy. Ho har jobba som lærar ved Eid vidaregåande skule i ti år. Etter mange år med pendling, flytta ho til Eid for tre år sidan. Husevåg Edler tykkjer at her er mykje kjekke menneske og trivast godt på Eid. Ho synest at eidarane er flinke til å få til ting og at folk og kommune er dyktige til å samarbeide.

Mykje sjølvlært

Sigrid tok aquarellkurs på 80- og 90-talet, og er elles ein sjølvlært hobbykunstnar. Etter 15 år med lite måling tok ho opp att hobbyen for eit år sidan.

Sigrid målar fargerikt og leikande. Uttrykka er som oftast abstrahert figurative. Bilda er fulle av energi og ho har det kjekt medan ho arbeider. Andre sine verk vert aktivt brukt til å finne inspirasjon til eigne uttrykk.

Mange av bilda vert gåver til familie og vener. I 2017 har ho seld fleire av bilda sine. At andre set pris på det ho lagar gir energi til å måle nye bilete. Eit nytt verk vart skapt i romjula og det er utstilt i lag med dei andre bileta ho har i Det kreative rom.

Vegen vidare

Vegen vidare med kreativt arbeid vert kanskje å arbeide heilt abstrakt slik som det siste måleriet. Moglegheitene er mange og Sigrid ynskjer på ingen måte å begrense seg med å velje ei kunstform eller ein enkelt teknikk. Det viktigaste er skapargleda!