Frå nyttår tok Malakoff over det administrative ansvaret for Gymmen scene og studio. Arbeidet med å skape meir aktivitet har allereie starta.

– Vi er i full gang med å lage ein plan for korleis vi kan nå målet om meir aktivitet i Gymmen. No må vi få fleire til å bli klar over at vi faktisk har ei fantastisk scene tilgjengeleg, med studio, utstyr og masse moglegheiter, seier Sveinung Pile.

Frå 1. november i fjor vart han tilsett i ei eittårig prosjektstilling i Malakoff. I tillegg til å vere ansvarleg for festivalcampen og arbeide med sponsorar, prosjekt og profilering, skal han også ha ansvaret for Gymmen.

– Det tekniske ansvaret for Gymmen skal Operahuset Nordfjord framleis ha, men frå nyttår er det Malakoff som skal styre aktiviteten, seier Pile.

Større miljø

Planen er å auke aktiviteten i Gymmen både for ungdom og vaksne.

– Det har vore prøvd mykje både frå Operahuset, Eid vidaregåande skule og Malakoff, og det er faktisk ein god del aktivitet i Gymmen i dag. Likevel er det rom for mykje meir, seier Pile, som oppmodar alle med gode idear om å ta kontakt.

– Mange seier at dei saknar tilbod for ungdom som ikkje er tradisjonell idrett eller kultur, typisk ungdomsklubb. Men då må nokon faktisk kome og seie at dei ønskjer å bidra til å få til noko. Vi i Malakoff vil gjerne bistå og hjelpe til, men vi kan ikkje gjere alt, seier Pile.

Lågterskel

Han understrekar at tilbodet i Gymmen skal vere for alle.

– Her har den som vil mogelegheit for å skape ein ny aktivitet, og lære å drifte og styre den sjølv, sjølvsagt med hjelp frå Malakoff, seier Pile, som sterkt understrekar at ein er opne for det meste.

– Vi har ingen avgrensingar. Det viktige for oss er å skape miljø for bruk av Gymmen, året rundt.No vil vi knyte til oss folk som vil skape noko nytt, og gjere folk vande med å bruke Gymmen, seier Pile.

Dagens aktivitet

I dag blir Gymmen brukt til ei rekke ulike aktivitetar, som band-øvingar, undervisning i kulturskulen, vaksenopplæring, yoga og øving til russerevy.

– Eg vil understreke at vi ikkje berre vil ha nye aktivitetar, men også meir av det som allereie skjer. No vil vi lodde interessa, og så vil den danne grunnlaget for kva det endelege resultatet blir, seier Pile.

Konsertplan

Når det gjeld kva ein ønskjer å bruke Gymmen meir til i framtida, er det mest openberre sjølvsagt på plankartet.

– Noko vi skal jobbe for å få til, er å få langt fleire arrangement i Gymmen. Vi vil lage ein konsertplan, med konsertar både for dei over og under 18 år. Her satsar vi på ein kraftig oppsving, i forhold til talet årlege konsertar som blir arrangert i dag, seier Pile.

Han legg til at Gymmen også kan nyttast som møtelokale, til kursverksemd og til utleige til private arrangement.

– Infrastrukturen er på plass, så dette er moglegheiter vi ser på, seier han, og legg til at ungdomsråda i Nordfjord er booka inn til fellesmøte i Gymmen 31. januar.

Vinylkveld

Eitt av dei nye tiltaka som skal prøvast ut er vinylkveld. Det skjer allereie komande torsdag.

– Planen er å ha vinylkveld éin torsdag i månaden. Her opnar vi lokalet, set fram platespelar og inviterer folk til å ta med musikk på vinyl. Her blir det open bar, der folk kan spele og fortelje om musikken dei ønskjer å lytte til. Her vil vi samle musikkinteresserte i alle aldrar, og håpar at dette kan knyte folk saman og skape eit miljø, seier Sveinung Pile.

På inventar-jakt

Har du gamle møblar du ønskjer å bli kvitt, kan det godt hende at dei passar i Gymmen. Der har ein nemleg sidan oppstarten køyrt retro-stil, og det er noko ein ønskjer å halde fram med.

– Her skal det vere uformelt og avslappa. No er vi først og fremst på jakt etter stålampar og teppe, og vil setje stor pris på om folk tar kontakt. Det er betre at gamle møblar og inventar hamnar i Gymmen enn på søppelfyllinga, seier Sveinung Pile.

Han fortel at ein no også er i gang med å oppgradere sjølve lokalet. Dette arbeidet skal Eid vidaregåande skule og ein velkjent lokal leverandør stå for.

– Espe Trevare er hyra inn til å oppgradere baren, både funksjonelt og visuelt. Det vil bli ei stor forbetring, seier Sveinung Pile.

Det er ikkje berre innvendig at Gymmen skal oppgraderast. Arbeidet med å lage ny profil/logo er nemleg i full gang.

– Her er Steinar Engeland i SteinArt leigd inn for å designe ny logo. Den skal snart på plass på veggen utvendig, fortel Sveinung Pile.

Komplett studiopakke

Det er ei klar målsetting at studioet i Gymmen skal bli meir brukt. Ein ønskjer at studioet skal vere eit rimeleg og tilgjengeleg alternativ for artistar, lydfolk og musikarar i heile Sogn og Fjordane/Søre Sunnmøre. For å få dette til vil ein først og fremst gje studioet eit enklare oppsett, slik at terskelen for å kunne nytte det blir lågare. Dette vil krevje noko investering i nytt utstyr. Ein ønskjer også å inngå samarbeid med tilbydarar av overnatting, mat og transport for å kunne tilby ein komplett pakke som gjer det enkelt å velje Gymmen studio. I tillegg vil det vere behov for å få på plass fleire lydfolk som kjenner studioet, og det må gjerast ein jobb på marknadsføringssida for å gjere studioet meir kjent i regionen.

Satsar på quiz

Ein av dei sikraste måtane å få folk ut av godstolen på, er å arrangere quiz. Dette vil ein også satse på i Gymmen, og passande nok vil populærkultur vere dominerande som tema. Ein vil legge opp til tre-fire quizar per halvår, der det blir lagt opp som ein cup med premiering. Målsettinga er å samle musikkinteresserte uavhengig av alder, til uhøgtideleg konkurranse og moro.