– Det er ikkje krisestemning i Nordfjordeid skulekorps. Vi har mange korpsmedlemmar, og har ei stor drilltropp på nasjonalt nivå, men vi må tenkje på ein annan måte. Vi må byggje korpset opp igjen, seier leiar Magni Hjertenes Flyum.

Samlar alle

15. april står skulekorpset som arrangør av den store vårkonserten i Operahuset som samlar alle korps i kommunen. Eid er ein av dei største korpskommunane i regionen.

– Alle korps opplever svakheit innimellom. Akkurat no er Nordfjordeid skulekorps nede i ein bølgjedal. Vi opplever rett og slett eit generasjonsskifte. Det er slik som skjer i korps innimellom. Mange av dei eldste, som har halde ut veldig lenge, har no slutta. Dei musikantane vi no har er unge og små, og då må vi ta utgangspunkt i det. I haust hadde vi nesten ingen musikantar, fordi mange hadde slutta. Vi samarbeider med Eid musikklag, og det gjorde vi også når vi spelte i jula, fortel ho.

Ikkje mykje dugnad

– Vi må få opp interessa om at det er kjekt med korps. Dei som vi no har med er mest frå barneskulen, veldig få frå ungdoms-skulen og vidaregåande skule, fortel korpsleiaren.

Ho avviser myten om at det er mykje dugnad for foreldre når barnet er med i korps.

– Når ungane dine er engasjert i ein aktivitet er det naturleg at ein må ta sin del av dugnad, men det er ingen grunn til å seie at det er meir dugnad i korps. Kor mykje må du ikkje køyre for eksempel i handball?, spør ho. Hjertenes Fyum framhevar at korps er ein aktivitet der både jenter og gutar er på same arena, der ein er like viktige.

– Og det er fint. Slik er det ikkje i lagidrett som fotball og handball, der det er kjønnsdelt. I korps er det verken kjønns- eller aldersdelt. Her får ein byggje relasjonar på tvers. Dei som er store hjelper dei som er yngre, eller ein er liten og får hjelp. Alle spelar i lag, seier ho.

Snakke opp

Korpsleiaren er opptatt av at ein må snakke opp korpset, gjere det kjekt og givande for dei som er med.

– Vi kan ikkje jakte etter nye korpsmedlemmer heile tida, men må ha fokus på dei som er med, så dei har det kjekt og får musikalsk utbytte. Når alderen er lsik den er no må vi gjere det beste ut av det, og legge lista deretter. For tre år sidan var snittalderen fem år eldre enn i dag, fortel ho. Og kunne du tenkje deg å spele tuba eller slagverk spesielt, er det berre å bli med i Nordfjordeid skulekorps.

Det er mange drilljenter i Nordfjordeid skulekorps.
– VI må få opp interessa om at det er kjekt med korps, seier korpsleiaren Magni Hjertenes Flyum. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes