Deltar på nasjonal helsekonferanse

Torsdag skal ordførar Alfred Bjørlo halde foredrag på Nasjonal helsekonferanse i Oslo om framtidas helse- og omsorgsteneste – saman med kommunelege i Eid, Thomas Vingen Vedeld.

Alfred Bjørlo og Thomas Vingen Vedeld drar til Oslo for å halde foredrag på nasjonal helsekonferanse. Foto: Yngve Tolaas

Nyhende

– Vi skal fortelje om våre tankar om utvikling av lokale helsetenester til helseminister Bent Høie og 500 andre konferansedeltakarar. Dette er i samband med at Eid no som første kommune i landet skal starte opp med både såkalla primærhelseteam (forsterka legekontor) og digital avstandsoppfølgjng ut til dei som treng helsehjelp i heimen, fortel ordføraren.

Han synest det er ekstra artig at naboane i Gloppen skal ha foredrag på same konferanse, etter å ha vunne prisen for «Årets gylne måltid». Her er det Gunnvor A. Sunde som står for foredraget.