Uttaket av bruttotroppar er gjort for kretslag for jenter og gutar i årskulla 2002, 2003 og 2004 for første halvår 2018. NFF Sogn og Fjordane har funne plass til seks jenter frå Eid IL på desse kretslaga, men ingen gutar.

Dei som er tatt ut frå Eid IL er 2002-modellane Ellijanne Skrede Anderson, Oselie Henden og Emilie Naustdal (fødd 2001).

På kretslaget for jenter fødde 2004 er også tre lokale jenter tatt ut. Dette er Emilie Stadheim Skrede, Tuva Sigdestad Lund og Tuva Alsaker.

I kvar kretslagstropp er det tatt ut i overkant av 20 spelarar frå klubbar i heile Sogn og Fjordane.

Her kan du sjå heile bruttotroppen til kretslaget for jenter 2002.

Her kan du sjå heile bruttotroppen til kretslaget for jenter 2003.

Her kan du sjå heile bruttotroppen til kretslaget for jenter 2004.

Her kan du sjå heile bruttotroppen til kretslaget for gutar 2002.

Her kan du sjå heile bruttotroppen til kretslaget for gutar 2003.

Her kan du sjå heile bruttotroppen til kretslaget for gutar 2004.