Med prosjektet Made in Norway har Avinor ønskt å løfte fram norske verdiskaparar frå heile landet. Rundt tusen bedrifter frå heile landet registrerte seg i Made in Norway-portalen. Via Ferrata Loen har no blitt kåra til folkets favoritt, etter å ha blitt delt og likt flest gonger på sosiale medium.

– Via Ferrata Loen er innovativt, idéen er berekraftig og prosjektet gir ei positiv samfunnseffekt. Dei er Made in Norway, seier Ina Eldøy, Marknads- og merkevaresjef for Avinor i ei pressemelding.

Mest delt

Folkets Favoritt er blitt delt/likt flest gonger blant rundt eitt tusen bidrag gjennom Made in Norway-portalen. Via Ferrata Loen er ei klatresti frå fjord til fjell rett bak Hotel Alexandra i Loen, og stien er flaggskipet til Loen Active. Fem regionale vinnarar har også blitt kåra av ein jury, og blant kriteria var evne til å formidle sitt produkt sine eigenskapar og potensial. Folkets Favoritt er den klare vinnar på dette.

Via Ferrata Loen får no profilering gjennom alle samarbeidspartnarane i Made in Norway, samt ein sjekk på kr 15.000 kroner for å vidareutvikle sitt prosjekt. Selskapet får også eit diplom overlevert av ordførar i Stryn kommune, Sven Flo, saman med representantar fra Avinor og Visit Nordfjord.

Fem regionale vinnarar og ein hovudvinnar har også blitt kåret av ein fagtung jury leia av Innovasjon Norge, med representantar fra samarbeidspartnarane Norges forskningsråd, DOGA, Ferd, Abelia og Virke, samt Avinor.

Regional verdiskaping

Avinor er opptatt av å legge til rette for regional verdiskaping.

– Avinor sitt samfunnsoppdrag er å eige, drive og utvikle eit landsomfattande nett av lufthamner, og med det bidra til å kople menneske til mulegheiter. Våre lufthamner bind Norge saman, og Norge saman med verda. Slik legg vi til rette for verdiskaping i heile landet. Gjennom Made in Norway har vi ønskt å løfte fram alle dei som grip mulegheita og skaper verdiane vi lever av, sier konsernsjef i Avinor, Dag Falk-Pedersen.