Det var i fjor at politiet i Eid opplevde at fleire unge blei rekruttert til bruk av narkotika i Eid. Det er eldre bakmenn som forsøker å få dei unge til å bruke narkotika. Arbeidet til politiet er å prøve å få tak i desse bakmennene, og dermed få bukt med narkolanginga. Lensmann Tormod Hvattum seier at dette er ei krevjande oppgåve.

–Det var særleg i fjor haust at vi såg at fleire unge blei rekruttert inn i dette miljøet. Her snakkar vi om unge mellom fjorten til tjue år, ei gruppe på under ti personar som særleg er i faresona. Narkotikaen kjem dei i hende gjennom bakmenn som er over tjue år, og som har vore i rusmiljø i mange år, seier Hvattum som opplyser at metodane for å få omsetnad på narkotika er varierte, og at bakmennene er smarte i høve til å finne nye metodar for levering.

På nettet

Ein kanal som har blomstra opp er gjennom internett. Her kan dei unge få kontakt med bakmenn, og avtale leveransar av narkotika. Dei eldre rusmisbrukarane brukar varierte metodar også på nettet for å få tak i nye unge kjøparar.

–Narkomiljøet i Eid spreier seg langt utanom kommunegrensene. Tilførsel av narkotika kjem både frå Oslo, Bergen og Sunnmøre, seier Hvattum som opplyser at Eid kommune likevel har hatt eit veksane narkotikamiljø, ikkje minst det siste året.

Mest i Eid

–Om vi samanliknar med Vågsøy og Stryn så er nok problemet størst i Eid kommune. Minst vanskar i høve til narkotika er vel i Stryn, medan Vågsøy har litt meir. Men eg trur nok at problemet er størst i Eid per i dag, seier Hvattum som opplyser at politiet i Eid har sett inn ekstra ressursar for å stoppe tilførselen til dei unge. Og ikkje minst hindre at nye blir rekruttert inn i miljøet.

–Vi har mykje flott ungdom i Eid, og dei aller fleste held seg unna både narkotika og kriminalitet. Men vi ser at det er nokre få som fell utanfor, og som lett let seg rekruttere til uheldige miljø. Vår oppgåve er skjerpa fokus på å stoppe denne narkolanginga og hindre at fleire blir rekruttert, seier Hvattum.