Det var særleg i fjor haust ein såg at fleire unge blei rekruttert inn i eit miljø der bruk av narkotika er vanleg. Ein snakkar om unge mellom fjorten til tjue år. Dette er bekymringsfullt, og er eit miljø vi ikkje ønskjer skal vekse i bygda vår.

No må ikkje foreldre vere naive, og tru at vår ungdom ikkje kan hamne på festar der narkotika dukkar opp.

Fjordabladet høyrer også frå fleire unge at det er meir narkotika på Eid no enn før.

Gjennom sosiale media og kodespråk er det lettare å gjere avtalar om leveranse av narkotika.

Lensmannen fortel at narkomiljøet i Eid spreier seg langt utanom kommunegrensene. Tilførselen av narko kjem frå fleire stadar, mellom anna Oslo, Bergen og Sunnmøre.

Eid har hatt eit veksande narkotikamiljø, ikkje minst det siste året. Problemet her er større enn i Stryn og Vågsøy. Dette er alarmerande for Eid.

Vi er glade for å høyre at politiet har sett inn ekstra ressursar for å stoppe tilførselen av narkotika til dei unge.

Unge må også vere flinke til å seie klart ifrå at den slags ikkje er akseptabel når dei møtast på fest. For forsking fortel at ein ofte debuterer saman med gode vener i ein situasjon utan nokon form for dramatikk. Situasjonen kan vere prega av ein hyggeleg fest med nære vennar.

Nye brukarar er ofte ungdom som er hamna på skråplanet. Desse må hjelpast på rett spor, der ein må gripe fatt i kva som ligg bak årsaka til at dei søker rus. Om ikkje er dei lette å rekruttere inn i uheldige miljø.