Det er det nettbaserte bettingselskapet Coolbet som no har sett opp sine favorittar til å ta over som Venstre-leiar på partiet sitt landsmøte seinare i år. Blant dei største favorittane finn ein Sveinung Rotevatn med ein odds på 4.00. Det vil seie at du vil få igjen fire gongar innsatsen om du satsar på den unge eidaren som Venstre sin nye partileiar. Dette gjeld vel og merke oddsen slik den er sett måndag ettermiddag.

Du kan altså tippe på kven du trur blir Venstre sin partileiar frå 1. juli 2018. Den største favoritten er Abid Q. Raja med ein odds på 2.00. Deretter følgjer dagens partileiar, Trine Skei Grande, med 2.50 i odds. På tredjeplass er Sveinung Rotevatn med 4.00. Verdt å legge merke til er at Eid-ordførar Alfred Bjørlo også er i Coolbet sitt favorittsjikt, med ein odds på 8.00.

Dette er kandidatane til Coolbet som du kan tippe på som Venstre sin neste partileiar (odds i parentes):

Abid Q. Raja (2.00)

Trine Skei Grande (2.50)

Sveinung Rotevatn (4.00)

Carl-Erik Grimstad (5.00)

Ola Elvestuen (6.00)

Terje Breivik (8.00)

Alfred Bjørlo (8.00)

André N. Skjelstad (10.00)

Ketil Kjenseth (60.00)

Olaf Thommessen (120.00)

Lars Sponheim (300.00)

Odd Einar Dørum (350.00)