Planen var at det skulle spelast til saman femten kampar på laurdag og søndag i Eid idrettshus på Nordfjordeid.

Men søndag var det dårlege vegar på grunn av mykje snø og ruskevêr, så to kampar blei avlyst den dagen. Det var herrekampen til Eid mot Bønes og Eid/Haugen, gutar 14 år mot Florø.

Men dei yngste laga fekk prøve seg på bana på søndag, der gutar 10 år Haugen/Eid fekk spele både mot Sandane og Sandane 2.

Tre av dei som spelar på tiårslaget til Haugen/Eid er Håkon Andreas Haugland, Erling Balsnes Lefdal og Wiliam Nyland Englund. Dei to førstnemnde har spelt handball i tre år, medan William starta opp no i haust.

–Den første tida spelte vi ikkje kampar. Då var det trening mellom anna på å sentre ballen. Men no er det kjekt at vi kan få spele kampar, seier Håkon Andreas og Erling.

–Når ein skal spele handball må ein vere god til å ta imot ballen, springe fort, sentre raskt og fokusere på det som skjer på bana. Det kjekkaste er å spele saman med andre, halde på med lagspel, seier dei tre som ser føre seg å spele handball i mange år framover.

–Målet er å bli så gode at vi kan bli med på herrelaget ein dag, kan dei opplyse. På laurdag var det yngste jentelaget, jenter 10 år sin tur til å spele kampar. Dei spelte mot Fjellhug/Vereide og Stryn.

Tapte med eitt mål

Herrelaget til Eid hadde to kampar på programmet i helga. Det var mot Sotra 2 på laurdag, der dei måtte gå av bana med berre eit mål i tap, 21-22. Dei som scora for Eid på laurdag var Alexander Baraki Roth(2), Oddbjørn Ulvestad Karlsen(1), Jostein Haugland(3), Terence Leftwich(4), Adrian Hagen Henden(3), Torgeir Sole Sundal(2) og Sondre Vanberg(5). Eid ligg no nest sist på tabellen etter åtte kampar med fire poeng. På topp ligg Florø med 14 poeng. Sotra 2 ligg på sjette plass med sju poeng. Neste helg skal Eid møte Gneist og Årstad i bortekampar. Gneist ligg som nummer to på tabellen med 14 poeng. Neste heimekampar for Eid er 3. og 4. februar der dei skal møte botnlaget Bjarg og Åsene 2.

Møtte Høyang

Eid sitt damelag spelte 17-26 mot Høyang på laurdag. Damelaget ligg også nest sist på tabellen med to poeng. Dei som scora for Eid var Susann Sørland Barlla(3), Anna Espelund Myklebust(3),Mariell Førde Myre(1), Maria Vanberg (1), Vilde Johansen(2), Mette Lise Bakke(3), Kristine Remme Nilsen(1) og Ingvild Halsør(3). Høyang ligg på 2. plass med 16 poeng. Til helga skal Eid møtte Gloppen 2 borte, og 20. januar blir det heimekamp mot Syril. På toppen av tabellen i 4. divisjon kvinner avd. 02 ligg Sogndal med seksten poeng.

4. divisjon kvinner avd 02

1. Sogndal 16 poeng

2.Høyang 16 poeng

3.Jotun/Årdalstangen12 poeng

4. Florø2 12 poeng

5. Vik 9 poeng

6. Sogndal 2 6 poeng

7. Syril 4 poeng

8. Gloppen 2 3 poeng

9. Eid 2 poeng

10. Førde2 2 poeng

4. divisjon menn

1. Florø 14 poeng

2. Gneist 14 poeng

3. Norrøna 12 poeng

4. Årstad 10 poeng

5. Åsane 2 9 poeng

6. Sotra 2 7 poeng

7. Bønes 6 poeng

8. Bjørnar 2 6 poeng

9. Eid 4 poeng

10. Bjarg 4 poeng

Gutar 10 år: Frå venstre Gøran Sefland, Matias Fosse, August Hammerø, Scott Krokon Karlsen, Trygve Magnus Tverberg, Erling Balsnes Lefdal, Håkon Andreas Haugland og William Nyland Englund, Keeper er Nikolai Starheimsvik. Trenarar er Elisabeth Haugland og Janne Kroken Karlsen.
Spele kamp: Desse tre handballspelarane likar seg aller best når dei få spele kamp, og dei vil gjerne spele handball i mange år enno. Frå venstre William Nyland Englund, Erling Balsnes Lefdal og Håkon Andreas Haugland.
Til saman vart det spelt tretten handballkampar i Eid idrettshus i helga. Med lag som Fjellhug Vereide, Vikane, Stryn, Førde, Høyang, Sandane og Breimsbygda.