No ønskjer kommunen at du kjem med forslag til namn på vegar, kulturverdiar og lokale stadnamn som høver seg for dei offisielle vegadressene i Selje.

Det var i september i fjor at kommunestyret i Selje vedtok at det skal tildelast offisielle vegadresser i heile kommunen. Det er mange og store fordelar med presise adresser, både ved utrykking, distribusjon og også anna offentleg og privat tenesteyting.

Plan og utvikling vil utføre det administrative arbeidet, og Reidar Sandviknes er prosjektleiar. Planutvalet og kommunestyret skal gjere dei nødvendige vedtak undervegs. Det er også valt ei namnenemnd som skal vere rådgjevande organ i arbeidet med å få vegadresser i Selje. Norsk språkråd er samarbeidspart i dette arbeidet.

Både privatpersonar og bygdelag kan allereie no og heilt fram til offentleg høyring kome med sine namneforslag.