Han legg til at Stortinget og Vinje kommune gjorde vedtak som inneber at Vinje-senteret blir bygt, ein skaffa Nynorsk kultursentrum ei viktig samling av litteraturhistorisk materiale, og ein blei 20 fast tilsette.

– Nynorsk kultursentrum er ein kulturinstitusjon i vekst, fastslår Grepstad.

Talet på unike brukarar av digitale tenester frå Nynorsk kultursentrum auka med 39 prosent til 496.100, og institusjonen passerte 20.000 følgjarar i sosiale medium.

– Allkunne runda 25.000 publiserte artiklar, og både på dei åtte nettstadene våre og i sosiale medium gav vi nynorskbrukarane mykje meir digitalt innhald på sitt eige språk, seier redaktør Per Magnus F. Sandsmark i Allkunne.

Besøket ved arrangement og utstillingar var derimot middels. Talet på gjester fall med 33 prosent frå rekordåret 2016 til 27.100 i 2017. Av dette stod Aasen-tunet for 20.000 og Hauge-senteret for nær 7000.

Barn og unge

– Barn og unge er vår spesialitet, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Aasen-tunet. Kvart år utgjer barn og unge mellom 30 og 40 prosent av gjestene. Slik var det også i 2017.

Mykje nytt stoff for denne målgruppa blei publisert på nettstadene. Den årlege utstillinga av barnekunst samla bidrag frå fleire hundre barn i fem kommunar. Fleire forfattarar skreiv nye barnesongar for Aasen-tunet, som samarbeidde med Norsk Folkemuseum om ei aktiviserande krimgåte under Dei nynorske festspela.

Også i Eid

I 2017 hadde Nynorsk kultursentrum arrangement eller utstillingar i 47 kommunar i åtte fylke og har med det vore til stades i heile 175 kommunar over heile landet, også i Eid.

– Er det noko som fortener eit utropsteikn, er det dette, seier direktør Ottar Grepstad. – Med ein slik aktivitet, avdelingar i tre fylke og samlingar frå heile landet er Nynorsk kultursentrum ein reelt nasjonal kulturinstitusjon.

– Vi skal vere til nytte for andre, vi skal vere pålitelege, og vi skal utvikle ny kunnskap, seier Ottar Grepstad.

– Vi er like sikre som før på at den beste ideen enno ikkje er tenkt, så vi skal prøve å overraske også i 2018, seier direktør Ottar Grepstad.