Sogn og Fjordane teater kjem i år med femten framsyingar til Nordfjord. Det utgjer tjue prosent av heilskapen til fylkesteateret.

Når Sogn og Fjordane teater i 2018 legg ut på vegen med sitt turnéprogram skal dei ha femten opne framsyningar i Nordfjord, 26 i Sogn og 30 i Sunnfjord. (Tek ein med Kinnaspelet blir det 34 i Sunnfjord.)

Altså over dobbelt så mange framsyningar i Sunnfjord, og elleve fleire framsyningar i Sogn.

Satsar på dei unge

Teatersjef Bodil Kvamme seier at dei i år satsar på dei unge i Nordfjord, med å ha med elevar frå dramalinja ved Firda vidaregåande skule.

–Det blir feil å seie at vi berre har tjue prosent av våre framsyningar i Nordfjord. Her må ein også ta med samarbeidet vi har med Den kulturelle skulesekken, der vi spelar stykket Nasjonal prøve på alle vidaregåande skulane i Nordfjord. Inkluderer vi desse framsyningane er faktisk Nordfjord eit satsingsområde for oss dette året, hevdar teatersjefen.

–Men for den allmenne teatergjengar manglar vel mangfaldet, sjølv om teateret reiser rundt på alle skulane med ei teaterframsyning ?

–Det kan vere, men ein må også sjå på kvar det bur mest folk. I Sunnfjord bur det 39.000 menneske, i Sogn 37.500 og i Nordfjord 33.000. Og så er det også fleire kommunar i Sogn, noko som fører til fleire framsyningar enn i Nordfjord, seier Kvamme som også forsvarer at det er dobbelt så mange framsyningar i Sunnfjord i høve til Nordfjord.

–Førde er vertskommune for Sogn og Fjordane teater. Det er då naturleg at det blir fleire framsyningar her, noko som påverkar talet i Sunnfjord, seier Kvamme som likevel er glad for at denne saka blir teken fram i lyset.

–-Eg set pris på at dette blir skrive om, og vi skal ta det med i vårt arbeid vidare. Ikkje minst når vi etterkvart skal lage turnéplan for 2019 og vidare framover, seier Kvamme.

Sogn og Fjordane teater 2018

75 framsyningar totalt

Nordfj. Sogn Sunnfj.

Fysikarane        2        5           5

På lokalet         5        5            8

Maria Magd.     1         5           4

Yogakrigen       2        6            8

Eg er i går         3        5           4

Nasjon.prøve     2                     1

Kinnaspelet                              4

Sum                  15      26        30

Prosent            20%    35%    45%