Festivalsjefen for Malakoff Rockfestival understrekar at dette bidrar til at dei framleis vil vere ein festival som gjev positive ringverknader for heile lokalsamfunnet.

– I og med at folketalet blir mangedobla under Malakoff, er det også ei viktig helg for handelsnæringa. Dersom det hadde blitt eit forbod, ville det definitivt gjort eit stort innhogg i den lokale handelen, seier Naustdal.

Det var i november i fjor at Politidirektoratet (POD) sende ut eit brev til politidistrikta der det påla arrangørar av russefestivalar å søkje om skjenkeløyve også for parkeringsplassar og overnattingsleirar. Det vart vidare presisert frå direktoratet at dette ikkje berre var ein regel retta mot russen, men også omfatta musikkfestivalar med festivalcamp.

Etter fleire reaksjonar, blant anna ved skriftleg spørsmål frå Venstre-leiar Trine Skei Grande, kom justisminister Per-Willy Amundsen i desember med ei presisering. Der bad han POD om å trekke tilbake brevet om rammevilkår for festivalarrangørar, og at vurderinga av skjenking heller skal gjerast i kvart enkelt tilfelle, av lokalt politi.

– Det inneber at Festival-Norge blir som før. Sunn fornuft tilseier at vurderingane av rammene rundt den enkelte festival blir gjort lokalt. Slik har det vore tidlegare, og slik blir det i framtida, sa Amundsen til VG.

Lokalt samarbeid

Arnt-Ivar Naustdal er glad for presiseringa frå justisministeren.

– Det var mykje fram og tilbake, men no ser det ut til at vi kan fortsette som før. Det som manglar er at politimeisteren kjem med eit skriv til lokale kontor, som stadfestar presiseringa frå justisministeren, seier Naustdal, som understrekar at dei har eit svært godt samarbeid med lokalt politi.

– Vi har hatt møte med lokalt politi både før og etter presiseringa frå justisministeren kom, seier Naustdal.

– Dersom det hadde blitt forbode å ta med medbringa alkohol på campen, ville vi måtte ha servering på eit mykje større område. Det hadde vore lite ønskjeleg for oss, då vi har meir enn nok med det vi allereie har, seier Arnt-Ivar Naustdal.