Vi meiner det er fornuftig av Eid Industrihus KF at dei trass interessa har valt å ikkje selje området stykkevis og delt. Vi trur også det er viktig at Eid Industrihus må halde ei hand på rattet heile tida, så ein stor utviklingsaktør ikkje berre kjøper seg inn for å legge alle føringar for korleis næringsparken skal bli for framtida.

Nordfjordeid har siste åra hatt ei oppblomstring og rivande utvikling.

Fortvilinga var derimot stor den gong slakteriet og meieriet vart nedlagt på Nordfjordeid, og då sjukehuset måtte gjennom tøffe omstillingar. Det var mange arbeidsplassar som rauk med på alle desse stadane, men ein har klart å snu den deprimerande utviklinga til noko positivt. I dag er det mellom anna fleire store lokale verksemder innan elektrobransjen på Nordfjordeid – viktige arbeidsplassar for kommunen.

Handelen har også tatt seg opp. Utbygging av Amfi Nordfjord har gitt resultat, og ein har klart å stogge den største handelslekkasjen ut av Nordfjord. I februar opnar også Biltema, og mange ventar at dette vil bidra til endå meir handel midt i Nordfjord.

Men med Biltema er utviklingsområdet i sentrum fullt. Vi har tidlegare skrive om dei som står bak Lunden Handelspark AS, som har sine planar for det ledige næringsarealet der. Og no med Eid Næringspark viser det at næringslivet er stadig i utvikling. Så får tida vise kva som kjem av etableringar på dei ulike stadane. Det er ingen tvil om at næringslivet er i stadig utvikling. Samtidig må ein ikkje gløyme at næringsutvikling også kan skje ute i bygdene – alt må ikkje skje i Nordfjordeid sentrum.