Dei nye ferje takstane på sambandet Lote–Anda vart klare tysdag 2. januar. Fram til årsskiftet var ordinær pris for ein vanleg personbil 82 kroner. Frå årsskiftet er prisen auka til 108 kroner for den same bilen. For Elbilar blir ordinær takst 49 kroner.

– I 2017 kunne Elbilar køyre gratis med ferja, medan føraren måtte betale persontakst. Frå årsskiftet er dette endra, slik at passasjerar ikkje betalar billett. Hovudgrunnen til at det blir slik er innføring av autopass, seier Lars Inge Myklebust i Fjord1, og legg til at same ordning vert innført på sambandet Mannheller–Fodnes, Dragsvik–Hella, Hella – Vangsnes og Dragsvik–Vangsnes.

– På sambandet Lavik–Oppedal blir ikkje lagt om til autopass, seier Myklebust.

Dei nye takstane

Dei nye takstane blir (gamle i parentes): Bilar til og med seks meter 108 kroner (82 kroner), mellom 6,01 og åtte meter 245 kroner (205 kroner), mellom 8,01 og ti meter 356 kroner (324 kroner), mellom 10,01 og 12,5 meter 449 kroner (396 kroner), mellom 12,51 og 14,5 meter 541 kroner (476 kroner), mellom 14,51 og 17,5 meter 652 kroner (582 kroner), 17,51 og 19,5 meter 706 kroner (666 kroner). For køyretøy over 22 meter er dei nye takstane 878 kroner mot tidlegare 783 kroner for bilar mellom 19,01 og 22 meter.

Forseinka

Dei to ferjene MF Gloppefjord og MF Eidsfjord som skal trafikkere sambandet Lote–Anda rakk ikkje fram til Nordfjord for å starte trafikk på sambandet den 1. januar. Onsdag 3. januar, var MF Gloppefjord utanfor Stavanger og på veg mot Nordfjord. MF Eidsfjord låg framleis ved kai i Vigo i Nord-Spania. Kor tid MF Glopefjord kan settast i drift på sambandet er enno litt uklart. Kor tid Eidsfjord er klar for å trafikkere sambandet Lote-Anda er endå meir usikkert. Vêret vil avgjere for kor tid Eidsfjord kan legge ut på turen frå Nord-Spania til Norge og Nordfjord.

Reserveløysing

Sjølv om ikkje dei to nye hybridferjene er sette i drift på sambandet Lote-Anda, er det likevel 2-ferjedrift på sambandet. MF Årdal trafikkerer A-ruta, og MF Sognefjord i B-ruta. Ingen i Fjord1 kan med sikkerheit seie når MF Gloppefjord og MF Eidsfjord er komne i drift på sambandet