Regionlensmann Tormod Hvattum fortel at ein gutegjeng frå Eid via ei russisk nettside har kjøpt norske kredittkortopplysningar som dei har brukt til å bestille varer med.

Dei fire tenåringsgutane som saka gjeld er over strafferettsleg aldersgrense, det vil seie over 15 år, og må rekne med å bli straffa. Hvattum vil ikkje gå inn på kva for straff som er aktuell.

Det er tilsette frå lensmannskontora i Stryn og Eid som har jobba med saka i romjula og denne veka. Det har vore føreteke avhøyr og ransaking heime hjå fleire av gutane, og politiet meiner no å ha oversikt over kva som har skjedd.

Gutane har brukt kredittkorta til å bestille datautstyr frå norske firma og har svindla for fleire titusen kroner.  Fleire kort er brukte, og det er personar frå ulike stadar i landet som har blitt svindla, men det skal ikkje vere nokon her i nærområdet.

Hvattum seier at det er politiets etterforskingsmetodar som har avdekt desse straffbare forholda som dei no har etterforska. Dei straffbare forholda skal ha skjedd heime på guteromma, og regionlensmannen oppfordrar foreldre om å stille spørsmål om kva ungdommen driv på med på nettet, og særskilt om det kjem nye, dyre ting i heimen.

Kripos er rutinemessig orientert om forholda, for at dei skal vere klar over dette og prøve å avverge at slike ting skjer.

Det var Fjordenes Tidende som først omtala saka.