Den første batteriferja er framme...

Men ferjetrøbbel på Lote-Anda i dag

MF Gloppefjord var framme i Florø i 05-tida torsdag morgon. Dette er den første av to batteriferjer som skal trafikkere Lote-Anda.

MF Gloppefjord ved kai i Florø i dag. Foto: Hilde Anita Røyrvik

Nyhende

På grunn av tekniske problem er det berre ei ferje som trafikkerer Lote-Anda torsdag. Fjord 1 lovar at det i verste fall berre vil vare ut dagen, og at ein frå fredag vil setje inn ei reserveferje, i følgje NRK Sogn og Fjordane.