Det var under ein kontroll på Kjøs bru i går kveld at denne sjåføren av eit tungt køyretøy blei anmeld for brot på køyre- og kviletidsforskrifta. Ved  to tilfeller siste åtte dagane hadde han køyrt over 30 timar utan at døgnkvil var gjennomført. I tillegg hadde også han nytta ein anna sjåfør til å køyre for seg, og som ikkje hadde gyldig yrkessjåføropplæring (YSK)

Til saman hadde Statens vegvesen kontroll på nitten tunge køyretøy ved Kjøs bru i går kveld:

Ein fekk bruksforbud for å ha gjenstander i siktsona ( frontvindu) og fekk ikkje køyre vidare før frontvindu var rydda.

Ein fekk bruksforbud på grunn av at vogntoget var for langt i høve til krava. Sjåføren måtte korte inn lengda før han fekk køyre vidare.

Ein norsk sjåfør vart anmeld for brot på køyre- og kviletidsforskrifta for å ha for kort døgnkvil.  Denne var på 5 timar og 10 minutt.  I tillegg hadde han nytta ein anna sjåfør til å køyre for seg, og som ikkje hadde gyldig yrkessjåføropplæring (YSK)

Ein norsk sjåfør vart anmeld for brot på køyre- og kviletidsforskrifta for ikkje ha gjennomført pålagde pausar i køyring.

Ein norsk lastebil fekk gebyr for eit vinterdekk under lovleg mønsterdybde