Statens vegvesen hadde i går kontroll ved Kjøs bru.

Fire tunge køyretøy fekk mellombels bruksforbod:

To av køyretøya blei sendt direkte til verkstad for skifting av dekk.

Eit køyretøy hadde manglar fordi skrivaren ikkje var kalibrert.

Det siste køyretøyet som fekk mellombels bruksforbod hadde ikkje papir som viste at det var disposisjonsrett over det leigde køyretøyet.

Til saman vart 17 køyretøy kontrollerte. I tillegg til dei fire med bruksforbod blei ein førar meld for brot på køyre- og kviletidsregelverket. Og eit køyretøy fekk gebyr for manglande bombrikke.