Det er gode ord å ha med seg. Både i våre eigne liv, og når vi ser på verda rundt oss.

Kva fjellet er, kan vere så ulikt. For nokon kan det vere å kome seg frå éin dag til den neste med sjukdom i kroppen. For andre kan det vere store vegval i livet: Om utdanning, kjærleik, nytt arbeid eller stad å bu.

For Noreg og verda kan fjellet vere overgangen frå oljealderen til ei fornybar framtid, eller omveltingane på gang knytt til automatisering og robotisering.

Også lokalsamfunnet Eid skal over nokre fjell i åra som kjem. Vi skal finne vår plass i ei verd der stadig fleire flyttar på seg, og stadig fleire søker inn mot byane. I ei tid der grenser er i endring - med eit nytt Vestlands-fylke og nye kommunegrenser.

Og vi er ei bygd i endring. Med nybygging, tilflytting og handelsvekst allereie i dag - og store turiststraumar rundt hjørnet når Sagastad og cruise-trafikk kjem for alvor i 2019.

Vi skal ikkje vere redde for endringar. Bygda vår har vore i endring i hundrevis av år. Alternativet er stillstand. For ei lita bygd i ei krå av verda er det ingen farbar veg.

Eg er likevel overtydd om at éin ting vil stå fast også i endringane som no står for døra: Betydinga av gode lokalsamfunn - stader å bu der folk trivst, har albogerom for å leve gode liv og har tillit til kvarandre.

Lokal samfunnsutvikling, lokalt engasjement - det å vere «eldsjel i eiga bygd» - det vil aldri gå ut på dato.

Dette er kvalitetar vi har i rikt monn på Eid. Eit uvanleg rikt og mangfoldig lags- og organisasjonsliv. Levande bygder. Kultur- og idrettstilbod i særklasse. Tett kontakt og tillit mellom folk på tvers av generasjonar. Ein kultur for å hjelpe kvarandre til å meistre livet når det røyner på.

Desse kjennemerka på eit godt lokalsamfunn skal vi halde fast på i ei tid i endring. Og ikkje minst: Vi skal ha eit vake auge for dei som lett fell utanfor. Til dømes ved å få på plass betre fritidstilbod for menneske med utviklingshemming, slik Eid kommune skal arbeide med i 2018. Det er å «flytte fjell i det små».

Kva fjell du må over i 2018, veit berre du. Men du klarer det garantert ikkje åleine. Ikkje ver redd for å be andre om hjelp, og still opp for andre når dei treng det. Vi står sterkast når vi står i lag.

Så takk for året som har gått, og velkomen til 2018. Vi har mykje kjekt i vente!