Den 22. desember melde Fjord1 at begge fartøya var forventa ankomst til Florø mot slutten av romjula - om vêret helt seg bra. I dag 29. desember, ligg MF Gloppefjord ved kai i ein mindre by utanfor Amsterdam i Nederland. MF Eidsfjord ligg også ved kai – i Vigo i Portugal.

I følgje Fjord1 startar sambandet opp med 2-ferjedrift frå 1. januar i samsvar med kontrakt og publisert rutetabell. Det vil då vere ferjene MF Årdal som trafikkerer A-ruta, og MF Sognefjord i B-ruta.

Før dei nye ferjene kan settast i drift skal det gjennomførast testar og opplæring.