Dette skriv Fjordenes Tidende som viser til at etter planen skal kommunane Vågsøy og Flora i Sogn og Fjordane slåast saman til Kinn kommune i 2020, men ikkje alle dei vel 6.000 innbyggjarane i Vågsøy har gitt opp kampen mot ein større kommune.

Initiativtakar Fredrik Egeberg frå Måløy sa likevel til Firdaposten 7. desember at kampanjen ikkje er retta mot Kinn, men først og fremst ein kampanje for å få meir informasjon om samanslåinga.

– Eg trur ei folkerøysting vil føre til fred og ro blant innbyggjarane i Vågsøy, sa Egeberg til avisa.

Innbyggjarundersøkinga i Vågsøy viste at 55 prosent av dei spurde var imot ein fusjon med Flora. Berre 31 prosent var positive. I Flora var derimot så mange som 65 prosent for ei samanslåing med Vågsøy.

Dei to kommunane har alt oppretta eigne nettsider for den nye Kinn kommune og har invitert til folkemøte om den nye kommunen i Vågsøy 9. januar og i Flora 22. januar.