Vi håper du også har tatt deg tid til å senke skuldrene og nyte førjulstida, kose deg med barn eller barnebarn medan de har baka peparkaker eller gjort andre kjekke førjulsting saman.

Når vi no går inn i jula så ver flinke å huske på kvarandre. Det er ikkje alle som har familie i nærleiken eller har ein stor omgangskrets å vere saman med. Kanskje det er tida for å besøkje nokon du ikkje har tatt deg tida til å sjå på ei stund i ein hektisk kvardag.

For redaktøren er det tid for å ønskje alle våre trufaste abonnentar, annonsørar og alle andre sambygdingar og Nordfjordingar ei retteleg god og fredfull julefeiring.

Tusen takk for at du abonnerer på Fjordabladet. Du bidrar til at vi i år har ein solid opplagsvekst. Du gjer det mogleg for oss å lage god, grundig journalistikk som lokalsamfunnet har behov for, og du bidrar til at vi kan bli betre.

Vi har ein visjon om å bidra til positiv utvikling av lokalsamfunnet. Det skal vere godt å vekse opp her, å jobbe og bu her, og eldre skal sikrast ein verdig alderdom. Vi ønskjer at vi alle skal bry oss om kvarandre, sjølv om vi er usamde.

Vi går spennande tider i møte. Eid får stadig fleire nye innbyggjarar, og har vore gjennom ei rivande utvikling siste åra. Om to år får vi alle frå Selje og Bryggja-området inn i same kommune. Godt samarbeid vert eit viktig nøkkelord.